To bilar har kollidert ved Geiteryggen, ca. ein kilometer vest for Gol.
To bilar har kollidert ved Geiteryggen, ca. ein kilometer vest for Gol.

To bilar i møteulykke - ingen alvorleg skadd

To bilar kolliderte ved Geiteryggen, ca. ein kilometer vest for Gol måndag ettermiddag.

Begge bilane vart delvis sterkt ramponerte, men det skal ikkje vere snakk om alvorlege personskader.

- Tre personar er sent til legevakt for sjekk, opplyser politibetjent Arnstein Skår til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var tre personar involvert i ulykka. Politiet kan ikkje seie eksakt korleis ulykka skjedde, men det er på det reine at ein av bilane har kome over i motsett køyrefelt og kollidert med den møtande bilen. Bilane trefte kvarandre på førarsida.

Ved 16.30-tida var det rydda opp etter ulykka og trafikken forbi staden gjekk fint. Ulykka skjedde litt før klokka 16.

Redningsbil og nødetatane rykte ut, og politiet styrte etter kvart arbeidet på ulykkesstaden.