Begge syklistane skadde seg under hopping. Her blir den eine teken hand om av ambulanse og luftambulanse.
Begge syklistane skadde seg under hopping. Her blir den eine teken hand om av ambulanse og luftambulanse.

To alvorleg skadde i sykkelulykker

To menn i tjueåra vart sundag skadde i to forskjellige sykkelulykker på Geilo.

Ulykkene skjedde i 15-tida, begge i sykkelparkane i Vestlia. Den eine i parken i skiheisområdet, den andre i anlegget i nærleiken av Vestlia Resort.

Hopping

- Ulykkene skjedde i samband med hopping. Begge landa forkjært og skadde seg, opplyser innsatsleiar for brannvesenet på Geilo, Reidar Brusletto.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge syklistane vart alvorleg skadde, men tilstanden skal vera stabil. Den eine vart frakta til Ullevål sjukehus med helikopter. Den andre til Ringerike sjukehus med bilambulanse.

Nesten samtidig

Ambulanse og luftambulanse var i gang med å ta hand om den fyrste skadde då melding om ulykke nummer to kom. Derfor rykte brannvesenet ut til den andre ulykka. Det viste seg at denne var mest alvorleg, derfor vart luftambulansen flytta over til den andre skadde.

Dei to syklistane er i tjueåra og var turistar på Geilo.