I dag kjem Hallingdølen med ny layout. Grafikar Jarle Stanes står bak den nye designen. Her saman med redaktør Lillian Holden.

— Tilbake til klassisk avisuttrykk

I dag kjem Hallingdølen i nytt design. — Eg håpar lesaren ser at me er opptekne av å lage eit gjennomarbeidd produkt, seier grafikar Jarle Stanes.

Det er han som har leia arbeidet med det nye avisdesignen. Sidan han starta som grafikar i Hallingdølen i 2004, har han vore gjennom redesign tre gonger.

— Me starta så smått våren 2018. Sist haust var heile huset involvert i idedugnad, og utover året har arbeidet blitt intensivert, med innspurt den siste månaden, fortel han.

Klassisk svart

Det nye designen skil seg ut frå tidlegare, samtidig som det vidarefører mykje av både stil og rytme. Det folk truleg legg mest merke til med ein gong, er fargen på avishovudet.

Tanken er å gjera avisa reinare og tydelegare.

— Me går tilbake til det klassiske avisuttrykket, med svart logo. Ingenting er meir klassisk enn det, seier Jarle Stanes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdøl-logoen var raud frå 20024 til 2011, og kvit på raud bakgrunn frå 2011 og fram til i dag. No går avisa tilbake til fargen frå 1936 til 1995.

Les også
I dag blir Hallingdølen ny: – Eit stort digitalt steg

— Tanken er å gjera avisa reinare og tydelegare. Det er ikkje fargen som skal dominere. Den nye blågrøne fargen som går att gjennom avisa, skal ikkje dominere, men støtte opp under det svart-kvite, forklarar Stanes.

Inspirasjon

— Skil Hallingdølen seg ut med slikt uttrykk, eller er dette stilen mange avise følgjer?

— Me har henta inspirasjon frå blant anna Aftenposten og Morgenbladet, og skil oss klart frå aviser som er opptekne av sterk fargerbruk på framsida, for eksempel Dagbladet og VG, seier Stanes.

Lett å lese

Men fargbruken er berre ei av endringane. Det som har vore minst like viktig er å gjera avisa meir lesbar. Liten tekst og tynne skrifter er bytta ut med feitare og tydelegare skrifter. Det viktigaste er trass alt at avisa er lett å lese. Denne gongen har me prioritert lesbarheit framfor berre eleganse, fortel Jarle Stanes.

Les også
Kronikk: Kor lenge har me uavhengige lokalaviser?

Hallingdølen har vore gjennom store endringar denne veka. Ny nettside torsdag, nytt redaksjonelt system og altså ny papiravis i dag. Det grafiske uttrykket går att på tvers av plattformene.

Gjennomarbeidd produkt

— Er du sjølv fornøgd med resultatet?

— Ein lagar jo ting ein likar sjølv. Så har me fått mange innspel på vegen. I periodar blir ein usikker, men til slutt må ein berre stole på sine val, seier Stanes.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kva håpar du lesaren vil oppleve?

— At avisa er eit godt produkt, ei god avis. Ikkje berre utsjånaden, men også innhaldet. Eg håpar folk ser at me er opptekne av å lage eit gjennomarbeidd produkt, seier Stanes.

Hallingdølen heldig

Ansvarleg redaktør Lillian Holden er strålande fornøgd med jobben Jarle Stanes og dei andre grafikarane har gjort.

— Hallingdølen er heldig som har så dyktige grafikarar. Jarle skal ha største æra for det som er gjort; han har jobba hardt, seier ho.

Faste spalter

Lesaren vil også oppleve endringar på ein del faste spalter. Blant anna blir Dagens ytring flytta lenger bak i avisa og gitt større plass, samtidig som leiaren blir prioritert på side to.

Les også
Opplagsveksten held fram for Hallingdølen

Helgestoffet startar no med reportasje, medan Sett uttate-spalta får ny utforming med teikning av Ingunn Wiken og plassering lenger bak i seksjonen.

Vêret blir borte

— Elles blir sistesida forandra. Me fjernar vêrmeldinga og erstattar den med lesarfoto og Instgram-foto som folk er ivrige på å levere, fortel Lillian Holden.

I dag får folk vêrmelding så mange andre stader.

— Er det ikkje dristig å droppe verkartet på baksida?

Artikkelen held fram under annonsen.

— I dag får folk vêrmelding så mange andre stader, i TV-kanalar og andre digitale kanalar. Verkart på papir blir fort for gammalt; det har rett og slett utspelt si rolle i papiravisa. I staden får me plass andre ting, sudoku og fleire lesarfoto, seier Lillian Holden.