Arbeidstilsynet og politiet har oppretta sak, slik rutinen er ved arbeidsulykker.
Arbeidstilsynet og politiet har oppretta sak, slik rutinen er ved arbeidsulykker.

Til sjukehus etter arbeidsulykke

Ein mann i 30-åra fekk bygningsdelar over seg på ein byggeplass på Golsfjellet torsdag ettermiddag.

Ambulanse og politi rykte ut etter meldingar om ei arbeidsulykke på Golsfjellet klokka 1340 torsdag.

Ein mann hadde fått bygningsdelar over seg på ein byggjeplass. Vedkommande fekk klemskadar og vart send til sjukehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalt politi opplyser at han var medviten, men vil elles ikkje kommentere helsetilstanden. Arbeidstilsynet er orientert og politiet har oppretta sak, slik rutinane er når nokon skadar seg på arbeidsplassen.