Andreas Wahl lada opp til sist helgs «Skal vi danse» med arrangementet «Naturfagets helter» på Golsfjellet.

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz

Kva hugsar du frå nyheitsbiletet?

1. Kven er Knut-Arne Wensaas?

2. Kven er tilsett som ny ungdomskonsulent i Ål?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva kommune i Hallingdal (blant dei som deltok undersøkinga) gjorde det best i trivselsundersøkinga Ungdata?

4. … og kva kommune gjorde det dårlegast?

5. Kven sa: «Regjeringa er tydeleg på at det skal bli færre norske kommunar, og det er fylkesmennene som skal pushe på for å få til det.»

6. Kvifor kunne Maren Øyo frå Geilo sist helg henge ein laurbærkrans rundt halsen?

7. Kva celeber gjest vitja Ål vidaregåande skole sist onsdag?

8. Kven er Borgny Berget?

9. Kva skjer no med ruinane etter Hallingkastet i Hovet?

10. Kor mykje kjøt åt me per person i fjor?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Lege frå Geilo som, i tillegg til å vera fastlege ved Kalfaret legesenter, leier legestreiken i Bergen.

2. Ann Beate Øyre Bjørnsen.

3. Ål (73 prosent er nøgd med skulen, 74 prosent er nøgd med lokalmiljøet).

4. Hemsedal (36 prosent er nøgd med skulen, 54 prosent er nøgd med lokalmiljøet).

5. Fylkesmann i Oslo og Viken, Valgerd Svarstad Haugland, som gjesta Ål kyrkjeakademi førre veke.

6. Ho tok NM-gull i travkøyring, på Momarken travbane.

7. Israels ambassaderåd Hagar Spiro-Thal. (Ambassadøren sjølv skulle kome, men sat i koronakarantene.)

8. Goling som har vore i mediebiletet den siste veka etter at ho dukka opp som friar i realityserien «Jakten på kjærligheten». Det har blitt gjort stort nummer av at ho er over 20 år eldre enn bonden ho «frir til».

9. Hol kommune har fått rettsleg medhald for å rive det brannskadde bygget, - på eigars rekning.

10. Me åt i snitt 51,6 kilo kjøtt, noko som er det lågaste forbruksnivået sidan 2006.

1.