Kva jobb har Eva Rismo frå Målselv nettopp begynt i?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz

Kva hugsar du frå veka som har gått?

1. Kva jobb har Eva Rismo frå Målselv nettopp begynt i?

2. Kvifor blinkar varsellampene i hallingdalsfotballen?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kvifor ropar regionlensmannen varsku til alle foreldre?

4. Hytteområdet Høgevarde i Flå satsar på sykkel. Kor mykje pengar skal dei bruke på å leggje til rette for terrengsykling?

5. Kva er Hallingsenteret?

6. Kvifor har hytter i Uvdal fått fyringsforbod?

7. Kvifor går danseinstruktør og nytilsett marknadssjef i Visit Gol, Tone Gåsbakk, hardt ut mot Fremtind forsikring?

8. Årets elevbedrift i Buskerud er GuideTen frå Gol. Men kva er konseptet deira?

9. Kan du køyre over Imingfjell i påska?

10. Kven sa: «No vil eg heller bruke ressursane mine til å utvikle ein sentrumseigedom eg eig i Larvik», og kvifor?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Kommunedirektør i Nore og Uvdal.

2. Fråfallet er stort, det er særleg i jentefotballen det er krise. Jentene sluttar stadig tidlegare med å spele fotball.

3. Fordi barn og ungdom deler ulovlege bilete og videoar i sosiale medier, blant anna om alkohol, narkotika og sex.

4. 107 millionar kroner til eitt av dei største stinettverka i Europa.

5. Eit nytt, digitalt kjøpesenter der alle forretningar i Hallingdal kan bli med.

6. På grunn av brannen i ei hytte i det tettbygde området sist helg. Brannårsaka er ikkje funnen, men politiet ønskjer meir dokumentasjon på fyringsanlegget og er i tvil om måten dette er bygd på.

7. Ho meiner dei fremjar kroppspress ved å la BMI (kroppsmasseindeks) avgjera kor dyr forsikringa di blir.

8. Ein analog/digital hybelguide for ungdom som flytter heimanfrå for fyrste gong.

9. Ja. Vegen opna etter vinterstenging fredag 26. mars.

10. Jazzmusikar Terje Gewelt etter å ha fått nei i teknisk hovudutval i Nesbyen til å restaurere det gamle forsamlingslokalet Valhall og setje det opp som kulturkafé i Gamle Nes.