Agnes Aasen fekk den aller første koronavaksinen i Nesbyen og Hallingdal. Sjukepleiar Hege Lindquist sette sprøyta tysdag. Sjukepleiar Unn Kari Øen Strand var også med.

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz

Kva hugsar du frå den siste veka?

1. Kva var essensen i rettssaka der eggprodusenten Norhaug gard i Gol tapte mot Landbruks- og matdepartementet?

2. Kor mange innbyggjarar er det i Viken fylkeskommune?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kor mange sit i fylkestinget, som no har eksistert i eitt år?

4. Kva heiter dei tre representantane frå regionen vår, som sit i fylkestinget?

5. Kor stort er skogsområdet i Beia i Nesbyen som no blir verna?

6. Kva var den lågaste temperaturen som vart målt i Hallingdal i desember 2020?

7. ... Og den høgaste temperaturen?

8. Kva vart varmerekorden for Hallingdal i heile 2020?

9. Det er ikkje kvikkleire i Hallingdal, men kva er det særskilt som skaper skredfare fleire stader, ifølgje ekspert Kalle Kronholm i Ål?

10. Kven var fyrste halling på Nordpolen?

Artikkelen held fram under annonsen.

9. Skredekspert Kalle Kronholm. Arkivfoto
Her er svara

1. Kor mange verpehøns garden kan ha. Garden meinte 13.000, men talet var for høgt og Norhaug fekk ikkje medhald.

2. 1,2 millionar innbyggjarar.

3. 87 folkevalde.

4. Eli Hovd Prestegården (Sp) frå Nore og Uvdal, Erik Kaupang (Ap) frå Hol og Iselin Haugo (H) frå Ål.

5. 8000 dekar skog.

6. -20,9 i Dagali 25. desember.

7. +6,3 i Guslvik 20. desember.

8. +31,5 i Gulsvik, som vart målt 15., 17., 19. og 25. juni.

9. Skogsbilvegar, minst 50 prosent av rasa er utløyst av menneskeleg aktivitet.

10. Her tør me ikkje konkludere, men det var ikkje Simen Øen Strand frå Nesbyen, som var der i fjor. Heller ikkje Gunnar Hvammen frå Geilo i 2010. Derimot kan det sjå ut som det var Per Tore Breiehagen i 1997. Andre forslag?