Gøran Bråthen.

Test deg sjølv i Hallingdølen nyheitsquiz

Kva hugsar du frå den siste veka?

1. Kven sa og kva handlar saka om: «Eg er ikkje redd når eg er å jobb. Hadde eg vore det, måtte eg funne på noko anna.»

2. Kva jobb har Gøran Bråthen i Gol?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Me kjenner han som politimann, politikar og Statens naturoppsyn sin mann i Hallingdal. Kva slår Petter Braaten på Geilo seg opp som no?

4. Kor gammal må du vera for å kunne ta ein sommarjobb?

5. Kva var årsaka til at det vart starta ein større bergingsaksjon ved Øvre Djuptjønn i Nore og Uvdal sist helg?

6. Kva er tema for Oskar Puschmann si sommarutstilling i Leveld?

7. Kor lang tid tok det før politiet kom til staden der ein barneskuleelev vart alvorleg skadd i ei sykkelulykke i Ål måndag.

8. Kor mange leilegheiter er på gang i nær framtid i samband med fire byggeprosjekt i Gol sentrum.

9. Kva pris gjekk til Geilo Tomteservice denne veka?

10. Kva for eit spesielt vilkår må du innfri som løpar på det nystarta profflaget i skiskyting og langrenn på Geilo?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Politibetjent Tonje Istad, som har blitt både slått, sparka og spytta på i jobben.

2. Dagleg leiar for idrettsfritidsordninga for barneskuleungar (IFO), som fyller 10 år i år.

3. Trubadur.

4. Frå du er 13-14 år kan du utføre lett arbeid, men alle under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette. Frå 18 år kan du ta dei fleste jobbar.

5. Ein mann i 70-åra stod fast i leire ute i eit vatn og kom seg ikkje laus.

6. Kulturlandskap som endrar seg, på grunn av bygging, vegar og attgroing.

7. Sju timar. Fyrst tok det noko tid før AMK-sentralen varsla politiet om ulykka, og deretter tok det fleire timar før politiet sende folk ut for å sjå på ulykkesstaden.

8. Rundt 150 nye leilegheiter.

9. Årets lærebedrift i Viken.

10. Du må vera busett på Geilo (og sjølvsagt halde toppnivå på ski..).

Les også
– No er det optimisme i handelsstanden
Les også
Festivalsjefen: - Det blir ikkje noko i år
Les også
Marta Maria ville gifte seg med ei kvinne - då måtte ho slutte som offiser