HFK-damene gjekk på eit nytt tap då dei møtte Eik Tønsberg på bortebane sundag.
HFK-damene gjekk på eit nytt tap då dei møtte Eik Tønsberg på bortebane sundag.

Tap mot Eik Tønsberg

HFK-damene måtte reise poenglause heim etter sundagens bortekamp mot Eik Tønsberg.

Før sundagens kamp låg HFK på nest siste plass på tabellen med berre fem poeng etter ti kampar. Heimelaget Eik Tønsberg låg derimot på sjetteplass med 13 poeng. Såleis var det alt før kampstart klart at hallingane truleg ville møte tøff motstand i kampen om poeng. Slik vart det også. Litt rotete spel og mangel på kommunikasjon førte til at HFK-damene ikkje greidde å banke inn meir enn eitt mål. Kampen enda 4-1 til heimelaget Eik Tønsberg.