Svein Inge Øen var ein aktiv mosjonist og gjekk kvart år Skarverennet. No er turtistverten på Geilo død av koronaviruset.

Svein Inge Øen døydde av koronaviruset

Det var Svein Inge Øen frå Geilo som fredag døydde som følgje av koronaviruset. Kona Gunn Karin kjem med ei oppmoding til alle: «Dette er ein uberekneleg sjukdom. Ver forsiktig, og pass på dykk sjølv».

Orda formidlar ho gjennom kommuneoverlege Geir Strømmen.

Øen var ein av dei som tidleg vart sjuk av koronaviruset. Han har vore innlagt ved Ringerike sjukehus den siste tida, og låg i respirator. Fredag ettermiddag kom meldinga om dødsfallet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er ein uberekneleg sjukdom. Ver forsiktig, og pass på dykk sjølv.
Gunn Karin Øen

– Svein Inge var ein kjent og kjær geiling. Ein mann som veldig mange har kjent, seier Strømmen om folkemusikaren og turistverten ved Øen Camping.

– Eg kjente han godt sjølv, og deltek i sorga, seier han.

Orda som han formidlar frå kona til Øen er ein tydeleg bodskap. Ho ber folk passe på seg sjølv. Og ho har eit håp: «Eg håpar me snart får ei vaksine mot dette».

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen

– Utruleg trist

Strømmen fortel at dødsfallet fredag har prega heile bygda.

– Alvoret i situasjonen går verkeleg opp for oss alle. Dette er eit farleg og uføreseieleg virus. Det er stor grunn til å fortsette å halde fokus, og gjere dei rette tinga. Det er ein måte å vise respekt og honnør for familien til Svein Inge no, å vere ansvarsbevisst og passe ekstra godt på.

Hallingdølen var i kontakt med ordførar Petter Rukke fredag kveld. Han fortalde at eit kriseteam var blitt kopla inn for å vareta familien, og at dødsfallet var ein tøff beskjed å få.

– Me har vore førebudd på at dette kunne kome, sjølv om me hadde håpa at det ikkje ville skje. Hol har hatt mange smittetilfelle, og då er dette ein ting me måtte vere budd på. Men det er utruleg trist når det inntrer, seier Rukke.

Det er ein måte å vise respekt og honnør for familien til Svein Inge no, å vere ansvarsbevisst og passe ekstra godt på.
Geir Strømmen

– Dette har vore tre tøffe veker for heile kommunen. Me fekk mykje smitte alt tidleg, men folk har vore flinke til å følgje dei krav og forventningar me har hatt. No har det vore nokre rolege dagar med få positive prøver, men så kjem dette. Det er ein veldig trist inngang til påska, og eg føler med familien og dei næraste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ta vare på kvarandre

Ordføraren minner folk om at det no er viktig å ta vare på kvarandre.

– Ta kontakt med kvarandre. Bruk fastlege og legevakt om de har behov for nokon å prate med, seier Rukke.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

Hol er den kommunen i landet som har blitt hardast råka av koronaviruset. No er 47 smitta, ein er innlagt på sjukehus og dei har fått eitt dødsfall.

– Med så mange smitta så hadde me forventa at nokon ville bli alvorleg sjuke. Men me hadde sjølvsagt håpa at ikkje nokon skulle bli kritisk dårlege, seier kommuneoverlege Strømmen.

Les også
Den rare kvardagen
Les også
Over 30 prosent arbeidsløyse i Hemsedal
Les også
Tok koronatest på symptomfri person - fekk positivt resultat