Gunnar Grimstveit og kring 1700 andre NRK-journalistar er tatt ut i streik etter at forhandlingane med statskanalen braut saman tysdag 15. mai.
Gunnar Grimstveit og kring 1700 andre NRK-journalistar er tatt ut i streik etter at forhandlingane med statskanalen braut saman tysdag 15. mai.

Svart skjerm på 17. mai

NRK gjekk ut i streik kl. 1300 i dag, tysdag 15. mai. Det betyr ingen direktesending på NRK på nasjonaldagen.

I år skulle NRK etter planen besøke Leveld på nasjonaldagen, men etter brot i lønnsforhandlingane går det i staden mot svarte skjermar.

Det stadfestar NRKs faste reporter i øvre Buskerud Gunnar Grimstveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde trudd ein kom i hamn etter forhandlingar tolv timar på overtid, seier Grimstveit. Sjølv var han langt inne i fjellet for å gjere ein reportasje om snøsmelting og flaumfaren. Den kjem neppe på lufta no.

– Det kan bli juni før streiken er over, trur han.

Det er tolv år sidan NRK sist var ute i streik. Den gongen vara streiken i seks dagar. I 1990 vara streiken i 25 dagar.

Usemja går på løn og vilkåra for vikarar. Ei planlagd sending frå Leveld 17. mai går ut.
Usemja går på løn og vilkåra for vikarar. Ei planlagd sending frå Leveld 17. mai går ut.

No er usemja knytt både til lønnsgapet mellom NRK og dei store mediehusa i Oslo, samt vilkåra for tilkallingsvakter samanlikna med fast tilsette. Leiar i Norsk Journalistlag NRK (NRKJ) Richard Aune seier til NRK at det ikkje har vore reelle forhandlingar. Arbeidsgjevars forhandlingsleiar Olav Nyhus beklagar at det ikkje var mogeleg å kome fram til ein avtale med NRKJ «innanfor same økonomiske ramme som dei andre».

Streiken betyr i første omgang at 1700 NRK-tilsette legg ned arbeidet. Konsekvensen er eit redusert tilbod, med mogeleg rom for å sende tidlegare produksjonar, opplyser kanalen.

Grimstveit sit ikkje streikevakt utanfor eige kontor, der berre han sjølv er tilsett, men han har lagt ned arbeidet.

– Det er berre mobilen eg får lov å ta med meg, seier han.