Redaktør Lillian Holden i samtale med Solveig Villand Lindheim.

Suksess med 17. mai sending

Nær 8000 sjåarar fekk med seg Hallingdølens 17. mai sending.

For fyrste gong produserte Hallingdølen direktesendt fjernsyn på nasjonaldagen. Redaktør Lillian Holden er strålande nøgd med korleis det heile utarta seg:

– Det kjekkaste er jo at så mange har fått med seg sendinga. Det er mykje fleire folk enn me hadde rekna med. Me visste at fleire kommunar hadde eigne sendingar, så me var spent på interessa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjekk du glipp av sendinga? Sjå den her:

Måndag føremiddag var det om lag 5000 unike brukarar som har sett på sendinga. Med eit forsiktig anslag på 1,5 kjem det totale sjåartalet på nær 8000,då det sit fleire personar bak kvar skjerm.

Ekstremsport

For Hallingdølen har det vore mykje folk i sving med å produsere og avvikle ein slik sending. Totalt var 18 personar involvert på 17. mai. Holden kallar det heile for ekstremsport:

Les også
Ein skal ikkje gløyme fridommen

— Ei slik sending består av mange element som alle skal sitte, det er litt ekstremsport. Men ting flaut godt, John Storhaug i Filmprodusentane hadde stålkontroll på det tekniske.

Godt samarbeid

Sendinga har vore eit samarbeid med alle kommunane i Hallingdal som har støtta produksjonen finansielt.

Frå Hallingdølens live-studio på Gol

— Det er kjekt at kommunane blei med på laget. Sjåarrtalla viser at det var mange som sat heime og fekk med seg 17. mai stemning frå heile dalen. Det er eit historisk dokument av ein heilt spesiell 17. mai, seier Holden

Det er mykje teknisk som skal sitte når ein avviklar ei livesending. Både Filmprodusentane og Hallingdal Lyd var med i produksjonen.

Blir det sending neste år?

— Det har vore moro å prøve på noko slikt og samtidig sjå at det fungerer. Så me får sjå kva som skjer, seier Holden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Dette vil me hugse - fotoglimt frå ein annleis 17. mai
Les også
Kristian (12) svinga taktstokken
Les også
Visst vart det feiring - sjå 17. mai-foto frå Nore og Uvdal
Les også
Slik feira lesarane våre nasjonaldagen