Nokre få stemmer skiljer Arbeiderpartiet og Senterpartiet i Ål. Vil Solveig Vestenfor sitt (t.v) Ap stela det siste mandaten som Senterpartiet, her ved Ole Egil Trintrud, har per teljingane tysdag morgon?

Stor spenning: Desse kjempar om sistemandata

Kampen om sistemandatet i kommunestyra er spennande og kan fleire stader endre seg i løpet av dagen.

Hallingdølen gir deg oversikten over kven som lever farleg i kommunestyra. I alle kommunar har eitt parti sistemandatet, og dette kan dei miste til eit anna parti.

Den endelege mandatfordelinga er venta i kveld, tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ål

Sistemandatet per tysdag morgon: Senterpartiet

Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Arbeiderpartiet

Hol

Sistemandatet per tysdag morgon: Arbeiderpartiet

Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Høyre

Nore og Uvdal

Sistemandatet per tysdag morgon:Høyre

Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Arbeiderpartiet

Gol

Sistemandatet per tysdag morgon: Arbeiderpartiet

Utfordrar som kan vinne det siste mandatet:Fremskrittspartiet *

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemsedal:

Sistemandatet per tysdag morgon: Venstre **

Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Arbeiderpartiet

Nes:

Sistemandatet per tysdag morgon: Nes bygdeliste

Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Høyre

Flå

Sistemandatet per tysdag morgon:Bygdelista for Flå

Utfordrar som kan vinne det siste mandatet:Ikkje oppgitt

Viken

Sistemandatet per tysdag morgon: Arbeiderpartiet

Utfordrar som kan vinne det siste mandatet: Høyre

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er ekstra spennande sidan Arbeiderpartiet og Høyre slik stoda er tysdag morgon båe har 22 mandat.

.

*Frp i Gol er per tysdag morgon ikkje inne i kommunestyret, men dette kan endre seg om dei vinn det siste mandatet frå Arbeiderpartiet.

** Venstre er inne med berre eitt mandat i Hemsedal, og står altså i fare for å tape dette eine til Arbeiderpartiet.