Bergsjø-området i Ål sist helg. Den siste veka har det kome mykje nysnø som gjer skredfaren endå større.

Stor mengder nysnø gjer skredfaren endå større

Varselet er tindrande klart: Det er betydeleg snøskredfare i Hallingdal.

Det er meldt om fleire mindre snøskred hittil i vinter. Dei siste dagane har det kome store mengder nysnø. Dette gjer situasjonen endå meir komplisert.

– Frå før har det vore mange farlege lag i snøen. Dei er ikkje synlege, men lette å løyse ut. Så har det kome nysnø med vind på toppen av dette. Det fører til betydeleg snøskredfare, opplyser vaktleiar ved snøskredvarslinga varsom.no, Heidi Stranden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Komplisert

Skredfaren blir delt inn etter ein skal frå ein til fem. No er den tre, det vil seie betydeleg skredfare. Under slike forhold er det lett å løyse ut skred som er store nok til begrave deg.

Les også
Han både fryktar og ventar snøskred i helga: - Hald deg under tregrensa!

Heidi Stranden forklarar skredfaren på denne måten:

– Det er to ting som påverkar situasjonen. Me har siste nysnøen som i seg gjer det lett å løyse ut skred. I tillegg har me fleire svake lag lenger ned i snøen som kan føre til større skred. Derfor er det utfordrande for folk å vurdere skredfaren. Det er mange ting i snøen som gjer det komplisert.

Uoversiktleg

Det har gått fleire mindre skred hittil i vinter. I tillegg har skiløparar meldt om mange drønn i snøen, også i temmeleg flatt terreng. Det fortel om svake lag nede i snøen.

Dei siste par døgna har det kome mykje nysnø på toppen av dette. Både i Gulsvik i aust og Bakko (Hol) i vest er det registrert rundt 35 mm nedbør. Med vind på toppen blir situasjonen endå meir uoversiktleg.

Fare over alt

– Er situasjonen den same i heile hallingdalsområdet?

– Både snømengd og vindforhold kan variere, men me vurderer det som betydeleg snøskredfare i heile området frå Gulsvik til Hardangervidda og Hemsedalsfjellet, seier Heidi Stranden.

Les også
Snøskred i Hemsedal - ingen menneske skal vere sakna

Rådet hennar er å følgje med på siste oppdateringar på varsom.no, og unngå bratt terreng der skredfaren er størst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vel turar etter forhold og evne, oppmodar Heidi Stranden.