Bruke solbriller.
Bruke solbriller.

Sterk UV-stråling i påska – bruk solbriller

Vêrvarselet for påska viser sol heile påskeveka. Då er det viktig å bruke solfaktor – også for auga.

Optikar Tore Ness og kommuneoverlege i Hemsedal, Camilla Underland, åtvarar mot å ta lett på valet av solbriller.

– Gode solbriller er som solfaktor for auga. Dei beskyttar både mot skader og sjukdommar. Dårlege solbriller kan i verste fall fungere som ein stråleomn gjer på plast, altså svært dårleg. Og barns auge er ekstra sårbare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig for borna

Det er særleg born som ikkje har gode nok solbriller.

Ness viser til tal frå Norges Optikerforbund. 70 prosent veit ikkje om solbrillene deira vernar borna mot UV-stråling eller ikkje. Rundt påsketider er faren for å bli snøblind stor med sterkare sol og reflekterande snø. Born er spesielt utsett, men ironisk nok er det dei som blir beskytta dårlegast, meiner Ness. Refleksjon frå snøen kan nesten doble UV-nivået samanlikna med barmark. Lett skydekke og snødrev kan gi sterkare stråling enn klarvêr.

– Dessverre prioriterer endå færre gode solbriller for borna, som normalt brukar mykje meir tid utandørs, seier Ness.

Underland seier det kvart einaste år kjem inn folk på legevakt som har vorte snøblinde eller fått skader på netthinna.

– I år er det jo meldt strålande sol heile påska, så folk kjem til å vere lengre ute og dermed meir eksponert for sol.

Skarp sol

Ness viser til eit sett brillevettreglar som kan vere viktige å ta omsyn til:

Bruk solbriller som beskyttar mot UV-stråler, bruk solbriller som også beskyttar auga bakfrå og på sida og kjøp solbriller til borna med rett UV-beskyttelse og form. For dei som skal ut og køyre båt i påska, tilrår optikaren polariserte briller som fjernar refleksjonsblendinga på blanke overflater. Underland peikar på det same.

– Å hugse på god bruk av solbriller er veldig viktig. Sola er skarp og det er mykje refleksjon i snøen. Ein bør bruke dei heile tida for å unngå å bli snøblind og andre augeskader. Ein bør også bruke gode solbriller som dekker godt på sidene med bra UV-filter. I tillegg må ein sjølvsagt også hugse å smørje seg godt med solkrem.