Erna Solberg må betale 20.000 i bot etter restaurantbesøket på Geilo i samband med 60-årsfeiringa.

Statsministeren braut reglane på Geilo-besøk - får 20.000 i bot

Statsminister Erna Solberg må punge ut etter å ha brote smittevernreglane i vinterferien.

Sør-Øst politidistrikt la fredag formiddag fram resultatet av etterforskinga etter Solbergs brot på smittevernreglane. Både statsministeren og ektemann Sindre Finnes har i fleire veker vore mistenkt i saka, og har vore inne til avhøyr.

Finnes får ingen straffereaksjon, men det gjer Solberg. Bota får ho for å ha vore med på planlegging av restaurantbesøk ved Hallingstuene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Solberg er landets fremste tillitsvalde, og har mange gonger fronta regjeringa sine avgjerd om tiltak for å motverke pandemien. Det er derfor vurdert som rett å reagere med straff, for å halde oppe publikums tillit til smittevernreglane, seier politimister Ole B. Sæverud.

Hallingstuene får ingen straffereaksjon.

Erna Solberg sitt 60-årsfølgje åt middasg på Hallingstuene på Geilo.

Samla for mange

Bakgrunnen for politietterforskinga er eit regelbrot Solberg gjorde under eit opphald på Geilo i vinterferien. Ikkje berre ein gong, men to kveldar på rad.

Den første kvelden var følgjet 13 personar til bords. Då var ikkje statsministeren til stades, ho hadde reist frå Geilo for å oppsøke lege i Oslo.

Les også
Erna Solberg braut smittevernreglane på Geilo: - Veldig lei meg

Resten av reisefølgjet var på Hallingstuene for å ete mat. Til NRK sa seinare drivar Berit Kongsvik at gjestene sat i eit eige rom, med mykje plass og god avstand mellom gjestene.

– Me hadde ikkje dekt opp langbord, men gjestene sat på fleire småbord i kohortane dei var ein del av. Det er slik me har tolka smittevernreglane heile denne vinteren, sa ho.

Sushi-samling

Kvelden etter var Solberg tilbake i Hol, og fortalde sjølv at dei var 14 personar som sat saman for å ete middag. Dei hadde bestilt sushi til den eine leilegheita som statsministeren og reisefølgjet leigde.

– Planen var at alle skulle kome og forsyne seg, og så dele seg i dei to leilegheitene att. Men i staden vart alle verande i vår leilegheit, skreiv Solberg på Facebook då hendinga vart kjent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var fire for mange. Me skulle ikkje hatt det sånn, og eg skulle stoppa det. Det gjorde eg ikkje, og eg kan berre seie at eg beklagar, seier ho.

– Lova lik for alle

På pressekonferansen fredag understreka politimeister Ole B. Sæverud at lova er lik for alle, men at alle ikkje er like.

Det er bakgrunnen for straffereaksjonen mot Erna Solberg, men ikkje ektemannen Sindre Finnes og restauranten Hallingstuene.

Les også
Hadde påskebesøk, vart koronasmitta: 10 i karantene

Sjølv om arrangemnetet på restauranten innebar brot på smittevernreglane, ville politiet sin reaksjon viss dei var der, vere å forklare reglane og påpeike brotet. Ikkje å iverksetje straffereaksjon.

Når Erna Solberg likevel blir dømt, er det fordi ho er landets fremste tillitsvalte og har fronta smitteverntiltaka. Ein straffereaksjon mot henne er derfor samfunnsmessig hensiktsmessig ut frå publikums tillit til smittevernreglane, meiner politiet.

Erna Solberg har ikkje berre vore på Geilo for å feire 60-årdagen sin. Her er ho frå eit tidlegare besøk, der ho vart møtt av ordførar Petter Rukke.
Les også
Slik skal landet opne opp att - trinn for trinn
Les også
Trur på mildare tiltak i Hallingdal frå neste veke
Les også
Ingen endringar i skuleskyss etter påske: - Har den kapasiteten me treng