Vetle Sjåstad Christiansen leverte på si stafettetappe.
Vetle Sjåstad Christiansen leverte på si stafettetappe.

Stafettgull i Østersund

Vetle Sjåstad Christiansen gjekk det norske laget opp i tet på VM-stafetten etter si andreetappe. Etter det såg dei seg aldri tilbake.

Laurdag var dagen for stafettar i skiskyttar-VM i Østersund.

Fyrst på dagen tok det norske damelaget gullet, og inspirerte guttane som skulle ut og gå på ettermiddagen. Den norske kvartetten på herrestafetten fulgte opp med dagens andre gull litt seinare på dagen. Laget bestod av Lars Helge Birkeland, Vetle Sjåstad Christiansen, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.

Artikkelen held fram under annonsen.

-Sparte energi

Etter ein sterk ståandeserie på fyrsteetappa sendte Lars Helge Birkeland Vetle Sjåstad Christiansen ut med kontakt med teten.  Geilingen gjekk ein god fyrsterunde og kom inn på standplass berre nokre sekund etter leiartrioen. Ein rask og solid liggjandeserie sendte det norske laget heilt opp i tetkampen. Ut frå liggjande gjekk han med Frankrike, Austerrike og Italia.

- Vetle gjekk veldig bra fyrsterunde og sparte energi. På fyrste skytinga tok han teten, det er veldig bra, meinte trenar Siegrfried Mazet etter fyrste skyting.

Veksla i tet

Utover på andrerunden var det ein kvartett som skifta på å liggje i tet. Fleire gonger var Christiansen heilt i front, og viste at han hadde ein langt betre dag i sporet enn under normalen onsdag. Med ein solid ståandeserie gjekk Christiansen ut i rygg på franske Quentin Filon Maillet. Den ryggen held geilingen heilt inn til veksling.

- Det var imponerande. Eit langt betre løp enn han gjorde på 20-kilometeren. Han er ein ordentleg stafettløper, og gjer ingen feil i dag, meinte NRK-kommentatorane etter etappa.

- Skal eg være ærleg må eg si at det var eit perfekt løp. Eg fekk det som eg ville og gjekk billeg og skaut ein rask fyrsteserie så eg kom meg opp i tet. Med ein rask sisteserie kom eg meg opp i  rygg på franskmannen. Eg klarte å henge i dag, det er eg nøgd med, sa Christiansen etter si etappe.

Han sendte Tarjei Bø ut på tredjeetappa i rygg på Simon Desthieux.  

Bø auka i tet

Bø gjekk ei god etappe, trass i at han måtte bruke to ekstraskot på ståande. Johannes Thingnes Bø går ankeretappa for det norske laget, og gjekk ut 43 sekund føre Frankrike og Tyskland som jakta den norske ankermannen. På siste ståande vart det meir spennande enn venta, då Thingnes Bø måtte ta i bruk alle ekstraskota. Men fleire av konkurrentane bomma, og leiinga var aldri truga. 

I mål var det norske laget 38 sekund føre sølvkvartetten frå Tyskland, og eitt minutt og fire sekund føre Rusland som tok bronse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag blir meisterskapen avslutta med fellesstartar i Østersund.