Lars Helge Birkeland skaut to feilfrie seriar  og gjekk først i mål under NM-sprinten på Liatoppen.
Lars Helge Birkeland skaut to feilfrie seriar og gjekk først i mål under NM-sprinten på Liatoppen.

Sprint-gull til Birkeland

NM-gullet gjekk til Lars Helge Birkeland, men ein fyrsteårs senior frå Geilo markerte seg under sprinten på Liatoppen.

Det vart ein jamn og spennande  NM-sprint på Liatoppen. Berre 11 sekund skilde medaljeplassane. Med to feilfrie skytingar, gjekk Lars Helge Birkeland fyrst i mål 4,4 sekund framfor Alexander Os. Erlend Øvereng Bjøntegaard tok tredjeplassen.

– Litt surt å tenke på

Aleksander Fjeld Andersen (Geilo IL) gjekk eit kanonsterkt løp som fyrste års senior. Andersen er er kjent for å vere sterk i langrennssporet. Det var han også i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde ein bra dag reint fysisk. Eg blei kanskje litt for ivrig og gjekk litt for hardt på andre runde, seier han. Under sprinten gjorde han det også godt på standplass.

– I dag var det bra skyting. Det er eg fornøgd med, men siste skotet på ståande vart bom. Og når eg ser på resultatlista i ettertid, er det litt surt. Eg skulle gjerne hatt ein ekstra treff i dag. Hadde eg klart det, ville eg vore med og kjempa om gullet, seier han. Andersen gjekk i mål til ein 7.-plass, 22,2 sekund bak Birkeland.

Skal vere kynisk og spare krefter

Sundag står Fjeld Andersen på startstreken under fellesstarten. Målet å klatre opp på pallen.

Aleksander Fjeld Andersen gjekk inn til ein sterk 7.-plass under NM-sprinten på Liatoppen.
Aleksander Fjeld Andersen gjekk inn til ein sterk 7.-plass under NM-sprinten på Liatoppen.
Vetle Sjåastad Christiansen hadde ein tung dag. Meed to bom på liggande og eit fall på veg ut av standplass, var han ute av medaljekampen.
Vetle Sjåastad Christiansen hadde ein tung dag. Meed to bom på liggande og eit fall på veg ut av standplass, var han ute av medaljekampen.

– Kva er taktikken?

– Det gjeld å vere kynisk og spare krefter. Kunsten er å bruke krefter på rett tidspunkt. Eg får ligge i rygg, og eventuelt vere med og dra viss eg må. Fleire av dei aller sterkaste har meld forfall til fellesstarten. Då aukar sjansane. Ambisjonen er å vere blant dei ti beste, og det hadde vore ekstra kjekt med medalje. Men skal det skje, må alt klaffe, seier han. 

Ramla på veg ut av standplass 

Mens Fjeld Andersen presterte opp mot toppnivå, hadde lagkamerat og landslagsløpar Vesle Sjåstad Christiansen (Geilo IL)  ein tung dag. Med to bom på fyrste skyting, var han tidleg ute av medaljekampen. På ståande skaut han feilfritt, men var uheldig å ramle på veg ut av standplass. Han var uansett sjanselaus til å vere med å kjempe om ei topplassering.

Han kom i mål til ein 13.-plass 47,5 sekund bak Birkeland.