Illustrasjonsbilete.

Sprenging i steinbrot gjekk gale - ein bil vart skadd

Sprenging i steinbrotet ved Hol stasjon førte tysdag til skade på ein bil på stasjonsområdet. Jernbanelinja vart stengt i to timar.

Brannvesenet melde om hendinga tysdag cirka klokka 17:00.

– Brannvesenet fekk melding om det som kunne sjå ut som ein brann. Det vart meldt om røyk frå området, fortalde vaktleiar Martin Haugen ved søraust 110 tysdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jernbanen vart stengt

Då mannskapa kom fram, viste det seg at det ikkje var brann, men at det hadde skjedd ei sprenging.

Les også
Ulovleg ATV-køyring fører til store skader i naturen: – Me ser alvorleg på dette

Uhellet førte til at jernbanen vart stengt forbi Hol stasjon ei stund, inntil mannskap hadde vore ute i felten og sjekka om jernbanelinja var skadd.

Klokka 19:15 melde politiet at toglinja var open att.

– Skade på ein bil

Vakthavande i 110 søraust opplyste tysdag ettermiddag at steinar hadde treft bilar på stasjonsområdet, og at frontruter var knust.

Turhus Maskin er leigd inn til verksemda i steinbrotet. Per Turhus opplyser til Hallingdølen onsdag morgon at omfanget av sprengingsuhellet var mindre enn det som vart opplyst om frå brann og politi tysdag ettermiddag.

– Det er ein bil som har blitt skadd, i sidedøra. Til saman var det snakk om 4-5 steinar på stasjonsområdet, fortel han.

Dette blir stadfesta av politiet onsdag føremiddag.

– Det var berre skade på ein bil, opplyser lensmann Bit Fyksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var eit firma som var leigd inn av Turhus Maskin som stod for sprenginga.

Kjende ristingar

Uhellet skjedde i steinbrotet tvers overfor Hol stasjon. Etter det Hallingdølen får opplyst har folk, også eit stykke unna, kjent ristingar då salva gjekk av. Det vart berre materielle skader; ingen personar skal ha blitt skadd.

Klokka 19:15 melde politiet at dei hadde gjort undersøkingar på staden og avhøyrt ansvarleg skytebas.

Les også
Ål Auto er tvangsoppløyst
Les også
Nortura i fritt fall
Les også
Tilliten til Nortura er borte
Les også
Nortura svarar på kritikken
Les også
– Merkbart færre dyr