Solveig Villand Lindheim er kritisk til manglande informasjon for eldre. (Arkivfoto)

Solveig (90) meiner eldre ikkje blir godt nok informert om koronaviruset

Solveig Villand Lindheim (90) er bekymra for at eldre i Hallingdal ikkje får tilstrekkeleg informasjon om koronaviruset. Ho får støtte frå lokalbanken.

– Det er få av dei eldre som har PC og smarttelefon, og då får dei ingen informasjon utanom frå slektningar, seier Lindheim, som er busett på Gol.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er kritisk til at informasjon frå kommunane i Hallingdal primært går gjennom nettsidene.

– Me er aldri lenger unna enn ein telefonsamtale, svarar ordførar i Gol, Heidi Granli.

Bekymra

– Eg har gått inn på nettet og kikka litt sjølv, men utanom det har det vore lite informasjon, seier Lindheim.

Folkehelseinstituttet sine råd og informasjon til risikogrupper

Basert på opplysningar frå utbrotet i Kina, ser det ut til at følgjande grupper har høgare risiko for alvorleg forløp av covid-19:

* Eldre personar (over 65)

* Vaksne personar med underliggande kronisk sjukdom, som hjarte-karsjukdom, diabetes, kronisk lungesjukdom, kreft og høgt blodtrykk.

* Personar som røykjer kan også ha ein høgare risiko for alvorleg koronavirus-sjukdom.

Folkehelseinstituttet sine råd til risikogruppene:

– Hald deg heime så mykje som mogleg.

– Sørg for at du har nødvendige medisinar tilgjengeleg. Hald fram med fast medisinering, og gjer berre endringar i samråd med lege.

– Hald avstand til andre og unngå folkemengder.

– Avgrens offentleg transport dersom det er mogleg.

– Lag avtaler om kven som kan hjelpe deg med nødvendige innkjøp

– Unngå pass av mindre born, då desse ofte har milde eller ingen symptom på covid-19 og kan smitte deg som er i risikogruppe.

– Viss den du bur saman med ikkje føler seg frisk (spesielt viss du mistenkjer covid-19), avgrens samværet.

– Arbeidstakarar i risikogrupper bør samtale med arbeidsgjevar om moglegheit for heimekontor og tilrettelegging for videokonferansar.

Kilde: FHI

Lindheim håper no at kommunane i Hallingdal kan gå ut med meir informasjon i Hallingdølen, då dei fleste eldre har avis eller moglegheit til å kjøpe avis.

– Er du bekymra?

– Ja, det er eg absolutt. Når ein ikkje veit noko, kan ein ikkje oppføre seg slik ein skal i dagens samfunn.

Les også
Ni nye smitta i Hol: Fleire har «betydelege symptom»

– Ein skal jo halde seg innomhus mest mogleg. Dei over 65 skal helst ikkje gå ut å handle, og skal ein gå tur må det vere med ein meters avstand til andre. Det er viktig å vaske hendene og vere forsiktig, understrekar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

No håpar ho at kommunen vil ta grep for å sikre at dei eldre får informasjonen dei treng.

– Kunne informert betre

Administrerande direktør i Sparebank 1 Hallingdal Valdres, Knut Oscar Fleten sende i går eit opent brev til kommunane i Hallingdal og Valdres. Der kritiserte han kommunane for manglande informasjon for eldre.

Les også
Åpent brev til kommunene i Hallingdal og Valdres
Knut Oscar Fleten, banksjef Sparebank 1 Hallingdal og Valdres er kritisk til måten kommunane informerer sine eldre innbyggjarar. (Arkivfoto)

Han fortel at fleire eldre kjem innom banken som normalt og ikkje er klar over dei strenge tilrådingane frå myndigheitene. «Jeg stusser over at kommunene ikke har brukt tradisjonelle kommunikasjonskanaler (slik som brev, annonse i avis og telefon) som vi vet fungerer mot denne gruppen mennesker», skriv han.

– Dei er ei utsett gruppe og bør derfor isolere seg så mykje som mogleg. Me prøver å gjere dei merksam på det, men utfordringa er at våre tilsette er uroleg for å vere smitteberarar ovanfor ei gruppe som er utsett.

Les også
Stiller opp for kvarandre

Fleten synest kommunane kunne informert folk i risikogrupper betre og brukt dei kanalane dei veit fungerer opp mot målgruppa.

– Eg synest ein skulle vurdert å ringe eller bruke familiane til å informere og oppfordre til å hjelpe dei eldre og si at akkurat no skal ikkje du gå i bank eller butikk, men få noko andre til å gjere det for deg.

Kommunen burde ta meir styring, påpeikar han.

– Mitt mål er ikkje å refse kommunen, men gjere dei merksam på den kvardagen me ser. Eg håpar dei ser det som eit positivt innspel og at dei tar tak så fort som mogleg. Det gjer kvardagen lettare for alle og for oss. Vår dugnad er å passe på kven me omgås, så skal me i banken gjere vårt. Me stiller oss lojalt bak det som blir bestemt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viktig med fersk informasjon

Ordførar i Gol, Heidi Granli understrekar at dei har held seg på same linje som dei andre aktørane i samfunnet.

– I utgangspunktet har vår informasjon gått gjennom avisa, nettsider og SMS-varsling. Me har ikkje diskutert å sende ut til dømes fysiske brev, fordi dette har vore usikkert med tanke på distribusjon. Kor mange dagar vil det ta? Ting endrar seg berre i løpet av 24 timar, så brev med postgang kan gje feilaktige opplysningar på sikt. Me har vore tru til vår kommunikasjonsstrategi, som er å oppdatere heimesida. Kommunen har heller ikkje stengt ned moglegheita til å ringe inn, seier ho.

Ordførar i Gol Heidi Granli ber eldre ta kontakt med kommunen per telefon viss dei treng informasjon. (Arkivfoto)

Viss ein vil ha informasjon kan ein sjekke heimesida til kommunen eller ta kontakt via chat eller telefon, påpeikar Granli. Kommunane i Hallingdal har i tillegg ein annonse ute i Hallingdølen der dei viser til kommunane sine nettsider.

– Så håpar eg at publikum følgjer med på TV og tradisjonelle medium. Nasjonale myndigheiter legger mange føringar for det som skjer lokalt.

Les også
100 sjukesenger ventar på koronapasientar

Det har ikkje vore diskutert å aktivt ringe eldre for å informere om situasjonen.

– Me har ikkje eit stort sentralbord og me opplever at det har vore god kommunikasjon ut til befolkninga. I tillegg har me ei lokalavis som er tett på.

Ho understrekar likevel at kommunen har lese brevet til Fleten og vil gå i dialog for å løyse problemet saman.

– Me inviterer også andre aktørar i lokalsamfunnet som kjenner på utfordringar til å kontakt, så skal me løyse det saman. Me er aldri lenger unna enn ein telefonsamtale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– No er det viktig å støtte lokalt næringsliv
Les også
No må også kommunane og annonsørane ta vare på lokalavisene!
Les også
Takk for sist