annonse

Søgnen til topps

Eldre folkemusikkinstrument
Eldre folkemusikkinstrument: Andrea Søgnen frå Gol vann årets juniorklasse på langeleik under Landskappleiken i Vågå. (Foto: Runhild Heggem)
Landskappleiken
Landskappleiken: Lars Fivelstad Smaaberg frå Gol tok andreplassen i klassa Vokal B. (Foto: Thomas Westling)

Andrea Søgnen frå Gol spelte seg til topps på langeleik fredag.

Caroline Utti

Tre unge utøvarar møttest til tevling i juniorklassa på langeleik i Vågå fredag. Med 80 poeng vart Andrea Søgnen (Gol spel- og dansarlag) ståande att som vinnar. 10 poeng bak følgte Eirin Tveide Lilleslett (Geilo Spelemannslag) på andreplass.

Andreplass i Vokal B

Laurdag slo Lars Fivelstad Smaaberg frå Gol til med ein sterk andreplass og eit napp i klassa Vokal B. Heile 22 utøvarar møttest til dyst i denne klassa, der Lars Rysstad Nordgreen frå Setesdal til slutt stod att som vinnar med 84 poeng – berre eitt fattig poeng framfor Smaaberg.

Beste lausdansar

Laurdag var det også klart for tevling i Landskappleikens kanskje gjævaste klasse – Halling A – der i alt seks utøvarar kjempa om fyrsteplassen. Ulf-Arne Johannessen (Ål spel- og dansarlag) var einaste halling i denne klassa. Han enda på tredjeplass med 96 poeng. Torkjell Lunde Børsheim tok fyrsteplassen med 98 poeng. Andreplassen og 97 poeng gjekk til Hallgrim Hansegård frå Øystre Slidre.

Ingen hallingar i Kongepokal-finale

Årets landskappleik rundast av sundag med meisterkonsert i Vågåhallen. Der skal det også delast ut Kongepokal i A-klassa på hardingfele. Kampen om pokalen står mellom Per Anders Buen Garnås (Spelemannslaget Bøheringen), Ottar Kåsa (Falkeriset Folkemusikklag) og Alexander Aga Røynstrand (Hardanger Spelemannslag) som alle gjekk vidare til finale etter laurdagens tevling. I same klasse enda Erlend Apneseth (Indre Sunnfjord) på ein delt sjuandeplass med mellom anna Øyvind Brabant (Nes Spel- og dansarlag). Helga Myhr (Ål spel- og dansarlag) tok 10.-plassen, medan Herbjørn Liahagen (Hemsedal Spelemannslag) enda på 15.-plass.

annonse