Mannskapa har vore i området med helikopter, og kan slå fast at det ikkje er skispor inn i skredet.
Mannskapa har vore i området med helikopter, og kan slå fast at det ikkje er skispor inn i skredet.

Snøskred i Hemsedal – ingen sakna

Klokka 10:38 melde politiet at det hadde gått eit snøskred i Grøndalen i Hemsedal.

Skredet gjekk i området Slettenose/Tuftenose, og det vart straks slått alarm med tanke på at det kunne vera folk i skredet. Både luftambulansen med Seaking og Norske Redningshunder vart varsla.

Ein time seinare hadde det vore mannskap i helikopter over skredområdet. Dei kunne då slå fast at det ikkje var skispor inn i skredområdet. Ein reknar difor med at det ikkje er sannsynleg at det er personar i snømassane.