Nina Østerhus (f.v.), Bjørg Kjørkleiv Hoftun, Marry Viljugrein og Tora Berger var klare til å teste golingar måndag morgon denne veka.

Smittetalet fortset å vekse i Gol: — Trass alt ved godt mot

Torsdag auka talet på smitta i Gol frå 20 til 23. Framleis er svært mange inne til koronatesting.

Onsdag vart 50 personar testa for viruset, torsdag hadde teststasjonen besøk av heile 60. Og stadig dukkar det opp nye smittetilfelle; torsdag kom det tre nye positive.

– Alle tre er nærkontaktar til personar som alt er smitta. Slik sett var det venta, seier ordførar Herbrand Jegleim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me føler derfor at me har ganske god kontroll på situasjonen, trass i at det stadig kjem nye tilfelle. Me har hatt møte i kriseleiinga i dag, og trass alt er me ved godt mot.

Fleire nyheiter om koronaviruset? Sjekk vår samleside

Det er venta høg testaktivitet også fredag i Gol.

– Har de bedt om hjelp frå nabokommunane for å handtere all testing?

– Fram til no har me greidd å ta unna sjølv. Me har omdirigert personale, og slik fått meir hjelp, seier Jegleim.

Les også
Tre nye smitta i Ål - stenger ned barnehage

Han meiner kommunen er godt rusta til å ta seg av det utbrotet ein no ser stadig veks.

– Alle rutinar er på plass. Helsevesenet vårt er rigga for dette. Dei har gode beredskapsplanar, seier ordføraren.

Fredag sist veke vart det bestemt seks strenge tiltak for Hallingdal som følgje av koronautbrotet. Desse var sett å gjelde fram til 1. november, altså sundag. I morgon, fredag, vil det bli tatt ei avgjerd på om dei skal fortsetje å gjelde også neste veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gol er no oppe i 23 smittetilfelle. I Hallingdal og Nore og Uvdal er i alt 45 personar bekrefta koronasjuke i haust. Status torsdag kveld klokka 18.00 var slik:

Flå: 3

Nesbyen: 5

Gol: 23

Hemsedal: 3

Ål: 8

Hol: 2

Nore og Uvdal: 1

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tiltalte måtte dra heim – frykt for koronasmitte
Les også
Koronautbrotet ved Nortura: – Det har vore heilt forferdeleg