Smitte på legekontoret: Ber folk ta legetimane på video

Ein tilsett ved legekontoret i Ål har testa positivt for koronaviruset.

– Ein del pasientar og tilsette er nærkontaktar. Dei pasientane som kan ha blitt eksponert får beskjed. Det er ikkje nødvendig å kontakte legekontoret, understrekar kommuneoverlege Toril Bøyum.

– Gir dette ein krevjande situasjon for bemanninga på legekontoret?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei som har fått tredje vaksinedose må ikkje i karantene. Me har også høve til å bruke unntak for kritisk personell, seier Bøyum.

– Men me tek uansett ekstra forholdsreglar og testar helsepersonell som har vore eksponert. Slik skal det vere trygt for dei pasientane som treng hjelp.

Likevel gjer smittesituasjonen at pasientar blir bedne om å ta eit grep:

– Me oppfordrar dei som kan å ta avtalte timar på video den kommande veka. Det er berre å sende sms til legekontoret for å gjere om på timen, seier Bøyum.

Les også
Kapasiteten sprengt etter smitte-eksplosjon: – Strikken er tøygd så langt me klarer

Legekontoret er elles ikkje stengt, pasientar som har behov for å møte fysisk skal gjere det.

Smittesituasjonen er elles krevjande nasjonalt, onsdag vart det sett ny smitterekord med 11.825 nye tilfelle. Også i Hallingdal blir tala stadig høgare.

– Det er aukande smitte i Ål også. Men dei fleste nye tilfella visste me om frå sist helg, seier Bøyum.

Les også
Berga låvetaket i siste liten - men bølgeblikket fôr
Les også
Rekordmåling: Det har aldri vore varmare i Hallingdal i januar
Les også
Vindfall gjorde folk straumlause: - Det er ikkje over enno
Les også
Straumtrøbbel fører til stengt barnehage
Les også
Gjer seg klar til ekstremvêr med 100 tonn grus: - Det kan bli spegelblankt på berre nokre minutt