Statsminister Erna Solberg la fram planen for opninga av Norge for Stortinget onsdag.

Slik skal landet opne opp att - trinn for trinn

Onsdag la Erna Solberg fram planen for å opne Norge. Det skal skje i fire fasar.

Det er ikkje sagt noko om kor fort landet kan opne opp att, det vil avhenge av tre ting: Smittesituasjonen, kapasitet i helsetenesta og vaksinasjon. Men her er regjeringa sin plan:

Trinn 1:

* Inntil 5 gjester i private heimar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Arrangement som berre samlar folk frå éin kommune, kan gjennomførast.

* Skjenking til klokka 22, med krav om matservering.

* Inntil 100 personar på innandørs arrangement, der alle sit på faste plassar.

* Inntil 200 personar på utandørs arrangement, der alle sit på faste plassar. Det vil vere mogleg å sleppe inn 200 personar ganger tre kohortar.

Trinn 2:

* Auka fysisk undervisning på universitet og høgskule.

* Ei forsiktig opning for besøk i private heimar, frå fem til ti gjester.

* Det blir lov med inntil 20 personar på private arrangement i leigde lokale.

* Skjenketida blir utvida til klokka 24. Det blir ikkje lenger krav om matservering for å kunne skjenke alkohol.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Innandørs arrangement med 200 personar blir tillate der alle sit på faste plassar.

* Barn og unge kan vere med på arrangement og organisert trening innanfor kommunen. Innandørs vil det vere ei avgrensing på 100 personar.

* For vaksne i breiddeidretten blir det gradvis opning for organisert trening både ute og inne i grupper på 20 personar.

* Reiser innanlands kan gjennomførast, men rådet om å unngå utanlandsreiser gjeld framleis.

Trinn 3:

* Her opnast det for at ein kan ha 20 gjester heime. 50 personar skal kunne møtast på private arrangement i leigde lokale.

* Det blir normale skjenketider, men framleis krav om registrering og god avstand.

* Framleis er det eit ønske at flest mogleg jobbar på heimekontor.

* Det blir vurdert å opne gradvis for seriespel og andre konkurransar i breiddeidretten for vaksne.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Toppidrettsutøvarar kan drive omtrent som normalt.

* Det blir opna for meir utanlandsreising, men framleis med krav til karantene og testing.

Trinn 4:

Mykje vil vere omtrent som normalt, men framleis med krav til smitteverntiltak, avstand og at ein er heime om ein er sjuk eller i karantene. Det kan framleis vere behov for noko heimekontor.

Det vil også framleis vere avgrensing i talet på personar på store offentlege arrangement, men det vil bli vurdert fortløpande. Når det gjeld reise kan det framleis vere snakk om restriksjonar ved innreise. Det kan vere testing og karantene for reisande frå enkelte område.

Les også
Førebur seg på møte med statsforvaltaren: – Det er på tide å lette opp
Les også
Får selje øl frå butikken på hotellet
Les også
Stor interesse for «drive-in»-handel
Les også
To lokale bedrifter blir råka av eventuell streik frå sundag