Hemsedalsfjellet.
Hemsedalsfjellet.

Slik er trafikksituasjonen for fjellovergangane sundag

Etter eit forrykande uvêr laurdag, er forholda no langt betre.

Laurdag var vinden såpass sterk i Norge at vêret vart rekna som ein av dei kraftigaste stormane denne vinteren. Sundag har vinden løya noko, men det er framleis utfordringar. Om du skal over fjellet mellom aust og vest i dag, er situasjonen som følger: 

- Fv50 Hol - Aurland: Vegen var stengt i natt, men ved nitida sundag morgon meldte Vegtrafikksentralen at det er opna for kolonnekøyring. Klokka tre var vêret blitt såpass bra at vegen opna att for trafikk. 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

- Rv52 Hemsedalsfjellet: Her har det vore kolonnekøyring, men vegen er no opna for fri ferdsel. 

 

- Rv 7 Hardangervidda: Her har det vore heilt stengt i helga, men klokka halv fire sundag ettermiddag varsla Vegtrafikksentralen at dei ville starte med kolonnekøyring frå klokka 17.00. 

Sjekk status for fjellovergangane i Buskerud her.