Fint vêr og sol på nasjonaldagen i fjor. (Arkivfoto)

Slik blir vêret 17. mai

Det er ingen grunn til å ta fram sommarkjolen heilt enno.

Det blir kaldt inn mot nasjonaldagen, ifølgje Meteorologisk institutt.

– Det vêret me hatt den siste tida, blir det me får inn mot helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag klatra gradestokken opp 9,7 grader på Nesbyen - og der stoppa det. Slik blir også vêret inn mot helga.

Moglegheit for sol

På det varmaste kan me vente 12 grader på dagtid.

– Det blir moglegheit for sol. Men så er det desse bygene, seier vakthavande meteorolog Espen Biseth Granan.

Vêret me har hatt dei siste dagane har samanheng med fleire lågtrykk som ligg i Norske- og Barentshavet.

– Det har vore ein jamn, nordleg luftstraum over landet. Det er grunnen til at det har vore snø på Vestlandet og i Nord-Norge. Denne vinden er tørrare når han kjem til Austlandet, men ein skal ikkje sjå bort ifrå at det kan kome nedbør.

Nattefrost

Natt til fredag viste gradestokken -0,5 grader i Nesbyen. Fleire stader kan også vente seg nattefrost.

Og hadde du håp om ei varmare neste veke?

Då kan du smørja deg med tolmod i staden for solkrem.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ser ut til at denne vêrtypen held seg i starten av komande veke også.

Men det er framleis lys (eller sol) i enden av tunnelen.

– Fram mot neste veke viser prognosane litt signal på gradvis stigande temperatur. Men det er ikkje skråsikkert, påpeikar meteorologen.

Så der har du det: Den store varmen let nok vente på seg.