Jula 2020 blir ei annleis jul.

Slik blir koronajula - sjekk dei nye reglane

Onsdag kom regjeringa med anbefalingar for julefeiringa. Det viktigaste punktet er at du to dagar i løpet av juleveka kan få ha besøk av inntil ti gjestar.

Her er tiltaka regjeringa har lagt fram:

* Du må framleis avgrense det totale talet på menneske du har sosial kontakt med gjennom heile perioden, og ikkje minst i førjulstida.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Anbefalinga om å berre ha maks fem gjestar blir halde oppe til over nyttår.

* Men: På julaftan og nyttårsaftan, eller to andre valfri dagar, er det lov å ha inntil ti gjester på besøk.

* Det må alltid vere minst ein meter avstand mellom alle som ikkje bur saman til vanleg. Dette gjeld både når ein sit til bords, når gåvene blir delt ut eller når julekakene kjem fram.

* Om du ikkje greier gjennomføre juleselskapet med minst ein meters avstand med ti gjester, må du invitere færre.

* Om du kjem frå område med høg smitte bør du halde to meters avstand til folk i risikogruppa.

Desse anbefalingane gjeld for heile landet. Om smittetrykket skulle bli høgt i din kommune, kan det kome lokale tiltak som er strengare. Det er viktig å halde seg oppdatert.

– Heilt nødvendig

– Desse tiltaka var som venta. Sjølv om det ser ut til å gå betre no, er me ikkje ute av den kritiske situasjonen me har vore i, seier kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen.

Han følgde regjeringa sin pressekonferanse onsdag, og synest dei kom med fornuftige retningslinjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er heilt nødvendig. Me må berre fortsette dugnaden. Dette er jo trass alt små forsakingar om me samanliknar med andre land rundt om i Europa. Blant anna er det fleire land der dei har portforbod, minner Strømmen om.

– Trur du folk vil greie følgje desse nye reglane gjennom høgtida?

– Eg har veldig stor tru på det. Me er så innstilt og godt trent på dette no at eg er sikker på folk vil følgje opp.

For mange er det ein tradisjon å gå i kyrkja i jula. Regjeringa har sagt noko også om dette. Det skal vere mogleg med opne kyrkjer og kyrkjevandring i juleveka, noko som betyr at folk kan kome inn i kyrkjerommet, tenne lys og høyre på musikk. Men det skal alltid vere mogleg å halde avstand, og det skal ikkje vere fleire enn 50 inne på ein gong.

Åtvarar mot utlandet

Når det gjeld reising i jula, åtvarar regjeringa mot å reise utanlands.

– Dette er ikkje jula for å gjere det, seier helseminister Bent Høie. Om ein likevel vel å reise, må ein vere nøye med å følgje karantenereglane når ein kjem heim att.

Heilt til slutt har statsministeren kome med ei oppmoding:

– Eg håpar alle hugsar på å inkludere dei som er aleine i adventstida og i jula. Det viktigaste er kanskje det som ikkje kostar noko. Ein invitasjon til ein kort tur, ein samtale på telefon eller video, seier Erna Solberg.