Over 2000 damer har gått over fjellet frå Hemsedal til Gol i samband med Slarverennet dei siste åra. Her frå 2015. (Arkivfoto)
Over 2000 damer har gått over fjellet frå Hemsedal til Gol i samband med Slarverennet dei siste åra. Her frå 2015. (Arkivfoto)

Slarverennet måtte ta vind-grep

Arrangørane av Slarverennet måtte hive om på planane då vinden og snøen auka kraftig på.

Seint fredag kveld informerte dei alle påmeldte om at den vanlege Slarverenn-ruta frå Hemsedal ikkje kunne brukast. 

"Veret er dessverre ikkje på vår side i år. Det er for risikabelt med tanke på sikkerheit å køyre rennet frå både Hemsedal (Slarverennet) og Nystølan (Stuttslarven). Også reserveløypa frå Øknin utgår. Det er meldt for mykje vind og snø", sa arrangørane. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Men dei fant likevel ei løysing. Dei bad alle påmeldte om å møte opp ved Golsfjellet Fjellstue, for å gå til Storefjell. Det er ei løype på rundt 13 kilometer. Arrangørane lova at det ellers skulle gå som vanleg med musikk undervegs, drikkestasjonar og smøreservice.