Kommmuneoverlege i Nesbyen, Nils Høva, har eit klart bodskap til dei som sit i karantene.

Slår karantene-alarm: - Folk slurvar med reglane

I løpet av helga fekk kommuneoverlege Nils Høva i Nesbyen fleire tips om folk som braut karantenereglane.

– Me brukar to typar internering no. Det eine er isolering, der er reglane veldig strenge. Så brukar me karantene. Der blir det slurva, seier Høva.

Måtte ringe skigåar

I helga fekk han fleire tips om observasjonar av folk i karantene, som var på stader dei ikkje skulle vore.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blant anna var det ein som hadde reist på skitur i ei anna kommune, seier Høva. I dette tilfellet tok legen ein telefon til vedkommande, og minna om kva reglar som gjeld for karantene.

– Dette er ikkje eit problem som er eineståande berre for Nesbyen. Alle dei som hamnar i karantene har blitt gjort merksam på reglane. Det finst inga unnskyldning, seier Høva.

Les også
To koronasmitta innlagt på sjukehus: — Det er kritisk

Helsetenesta har følgt opp dei tipsa dei har fått i helga på namngitte personar som har slurva med karantenen.

– Alle må ta si tørn no, seier legen.

Klare forventningar

Han meiner det er god grunn til å minne om kva reglar som gjeld når ein er i karantene.

– Me forventar at når ein sit i karantene, så skal ein halde seg heime. Unngå butikkar eller sosiale møtestader. Ein skal vere heime, i og rundt huset. Det er opna for at folk kan gå seg ein tur ut, men då forventar me at det skjer i nærmiljøet. Og helst til ei tid på døgnet der ein ikkje møter nokon. Me forventar også at ein ikkje reiser ut av kommunen, seier Høva.

Les også
Tre nye smittetilfelle i Ål: No har over 40 personar fått påvist koronasmitte i Hallingdal

Det siste punktet er viktig: Ikkje reis ut av heimkommunen.

– Me har hausta erfaringar frå Italia, der ting har hamna ute av kontroll. Der ser ein at på stader kor ein har fått isolert lokalsamfunnet, har det gått mykje betre, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølge Folkehelseinstituttet er det følgjande reglar som gjeld om ein sit i karantene:

* Ein skal ikkje gå på skule eller jobb.

* Dei som bur saman kan omgå kvarandre som normalt, så lenge ingen i husstanden er sjuke.

* Ein skal ikkje ta lengre reiser innanlands, heller ikkje reise utanlands.

* Ikkje ta offentleg transport.

* Unngå stader der det er vanskeleg å halde avstand.

* Ein skal ikkje oppsøke offentlege stader, som butikkar og kafear.

* Ein kan gå tur ute, men halde helst to meter avstand til folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er også presisert at ein skal vere nøye med å passe på utvikling av feber eller symptom på luftvegsinfeksjon. Om ein får noko av dette, skal ein isolere seg heime til minst eitt døgn etter at ein er symptomfri.

Om ein har behov for hjelp til å til dømes handle matvarer, finst det Frivilligsentralar i alle kommunar. Laurdag skreiv Hallingdølen om all den frivillige hjelpa folk no gir. Heile saka, og oversikt over kor ein kan ringe, kan du lese her.

Les også
Solveig (90) meiner eldre ikkje blir godt nok informert om koronaviruset
Les også
Her kan du sjå opptak av sundagsgudsteneste frå Ål kyrkje
Les også
Krisepakka kjem næringslivet i Hallingdal til gode