Det har blitt jobba hardt i Hol dei siste dagane av dei som driv med smittesporing.

Slår alarm i Hol: Fleire har testa positivt etter å ha reist heim frå fjellet

Dei neste 24 timane blir eit skjebnedøgn for Hol. Den store vinterferietrafikken har gjort at kommunen står med fleire uavklarte smittesituasjonar.

Hol står rett nok registrert med 0 smitta, men talet speglar ikkje situasjonen:

Fleire turistar har testa positivt for koronaviruset etter å ha reist heim frå ferie i fjellet. I løpet av opphaldet i Hol har desse personane vore innom fleire ulike plassar i kommunen, noko som har utløyst eit stort sporingsarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag kveld og laurdag ventar kommuneoverlege Silje Koldal i spenning på ein god del prøvesvar.

– Me har nokre situasjonar som ikkje er avklart. Det er snakk om to-tre tilfelle. Me håpar at alt dette skal ende godt, men om me får positive prøvesvar no så blir omfanget stort, seier ho.

Bedne om å reise

Hol har hatt stor vinterferietrafikk i to veker. I starten av denne veka var testkapasiteten i kommunen såpass pressa at Hol måtte be Bergen kommune om hjelp. Dei gjekk ut og bad bergensarar om å kome heim for å teste seg og sitje i karantene.

Det har vore tilfelle der personar har reist til fjells for å ta karantenen på hytta, eller dei har testa seg og reist til fjells før prøvesvaret har kome. Ved fleire høve har det enda med at folk har blitt sitjande i karantene og isolasjon i Hol i staden for i heimkommunen sin.

– På måndag såg me at det begynte å bli mykje. I tillegg til testing har me hatt det travelt med å handtere umiddelbar hjelp, med tanke på skader, seier Koldal.

Les også
No er snart 800 hallingar ferdig vaksinert

Betre vart det ikkje då kommunen begynte å få meldingar om at gjester har testa positivt for korona etter å ha kome heim frå fjellet. Då starta nemleg den store og krevjande smittesporingsjobben, som krev alle mann til pumpene.

– Dei fleste meldingane går på at dei personane det gjeld har vore i skianlegga. Det er ikkje lett å skulle spore slike besøk 4-5-6 dagar etterpå. Me har heldigvis ikkje opplevd at det har dukka opp spreidd smitte etter dette, så me håpar det har gått bra. Men det kjem stadig vekk inn slike meldingar, fortel Koldal.

Krevjande

Smittesporingsgruppa har jobba, og jobbar framleis, på spreng. Når slike situasjonar dukkar opp, er det eit stort arbeid som skal gjerast. Mellom anna fortel Koldal om eit tilfelle der ein person som seinare viste seg smitta hadde budd på hotell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me måtte kontakte alle som hadde vore i frukostsalen på same tid som dei det gjaldt. Det var snakk om i alt 115 personar, som alle måtte få beskjed om å vere obs på moglege symptom. I eit anna tilfelle hadde den som fekk påvist smitte vore i eit badeanlegg. Då måtte me få tak i 49 personar og setje dei i karantene, seier kommuneoverlegen.

Det er krevjande. Og når ein slik situasjon oppstår, er det naturleg nok avgjerande at smittesporarane får tak i folk raskt slik at dei kan halde seg i ro. Med det muterte viruset i omløp spreier smitta seg raskt.

– Me er budd på ein del jobb også i helga. Men me ventar å kunne lande nokre trådar i kveld og i morgon, fortel Koldal.

Ho håpar folk tek dette som ei påminning om kor viktig det er å heile tida følgje dei generelle smitteverntiltaka, og vere på vakt. Og kanskje er det politikarar oppe i systemet som også bør følgje nøye med på utviklinga:

– Samfunnet må få opp auga. Politikarane har vore veldig liberale med tanke på reiseaktivitet, i ei tid med mykje smitte. Me fekk verkeleg sjå kor nødvendig det var at me fekk sendt heim att folk som eigentleg skulle vore i karantene. Når folk gjer slikt, utfordrar det systema våre så innmari, seier Koldal.