Karianne Nestegard og Hildegunn Grøtt under testing på Geilo rett etter nyttår. No har dei som jobbar i helsetenesta i Hol meir enn nok å henge fingrane i.

Smitte-eksplosjon råkar skule, legekontor og sjukeheim

På berre to dagar har 96 personar fått koronasmitte i Hol. No blir beredskapen kraftig intensivert.

Kommunen har innført fleire tiltak det siste døgnet i kampen mot ein kraftig aukande smitte. Skulen er verst råka.

– Smitta påverkar dei fleste trinna. På grunn av dette, og at me har store utfordringar med bemanning, må me prioritere om personell. Det er no digital undervisning for 5.-10. trinn, fortel kommuneoverlege Silje Koldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette gjeld Geilo barne- og ungdomsskule, samt Dagali og Skurdalen oppvekstsenter. På Hallingskarvet går undervisninga føre seg som normalt.

1.-4. trinn på Geilo barne- og ungdomsskule møter på skulen som vanleg.

Les også
179 smitta i Gol sist veke, skulen mest råka: – Me er inne i ei stor smittebølgje

Det er i første omgang ut denne veka den digitale undervisninga skal gå føre seg.

Barnehagane er opne som vanleg.

– Dei har ein mer beskjeden og kontrollert smittesituasjon, seier Koldal.

Legekontoret råka

Hol har i tillegg fått smitte inn på legekontoret. Det tvingar fram endringar.

– Me må sikre at me har personell som kan handtere akuttberedskapen og pandemiberedskapen. Me må prøve å få minst mogleg smitte inn i dei mest prekære tenestene, seier Koldal.

Derfor får pasientar som har bestilt time ved legekontoret no i staden møte legen på video. Men det vil framleis vere mogleg å få time hjå legen - så langt det går.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så lenge me har kapasitet til det. Men det skjer via telefon eller video. Dette gir oss moglegheit til å bruke ressursar på testing, seier Koldal.

Les også
Sjukeheim og skule råka av smitte: 14 elevar testa positivt i helga

Kommunen handterer også smitte knytt til sjukeheim. Det er smitte blant tilsette på Høgehaug, det har utløyst omfattande testing. Det er så langt ingen bebuarar som har testa positivt.

– Det blir avgrensingar i besøk dei neste vekene fram til situasjonen er meir avklart, seier Koldal.

Ber om tolmod

Med 96 smitta på to dagar er det eit massivt trykk på dei som skal smittespore og utføre testing. For smittesporarane har oppgåva blitt knalltøff.

– Dei har svært mykje dei skal handtere. Alle får kontakt, men det kan ta noko tid, seier Koldal. Ho ber derfor folk vere tolmodige.

– I mellomtida oppfordrar me smitta eller nærkontaktar til å søke informasjon på heimesidene til Hol kommune.

Les også
Rår serveringsstader til å halde musikkvolumet nede: – Folk går tettare innpå kvarandre

Det er også svært mange som er kalla inn for å teste seg. Det trengst fleire hender til å ta unna, og meir tid til gjennomføring. Tidspunktet for å kunne teste seg er utvida.

– Me skal dermed klare å tilby testing til alle som treng det enten på dagen, eller dagen etter, seier Koldal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bølgetoppen

Ho åtvarar folk om at det kan ta tid å få kontakt med både legetenesta og smittesporing akkurat no.

I mellomtida ber Koldal innbyggarane om å vere svært nøye ved hygiene, teste seg ved det minste symptom og ikkje minst halde seg heime om ein kjenner på noko.

– Me har så mykje smitte i samfunnet no at det kan sjå ut som me har nådd bølgetoppen. Me må følgje med på den og kontrollere den som best me kan. Det er krevjande no i mange ledd, men gode førebuingar hjelper oss med å handtere situasjonen slikt at me greier vareta dei prioriterte oppgåvene.

Les også
Skulane opnar opp: - Me vil heller vera heime enn å vera den personen som smittar andre
Les også
Nektar milliardær konsesjon på gard: - Får kjensla av at dette er ein som vil ha ein stor fritidseigedom
Les også
Kleskjeder satsar i Hallingdal - etablerer seg i to kjøpesenter