Bratt terreng i nærleiken av skisenteret i Hmesedal. Med snø og vind aukar skredfaren.

Skredfaren aukar: – Ver forsiktig, og hugs at varselet også gjeld områda nær skiheisane

Krevjande forhold, unngå skredterreng. Det er den klare meldinga frå varsom.no.

– No aukar skredfaren på grunn av snø og vind, seier skredekspert Jørgen Aamot i Hemsedal.

I Hallingdal er skredfaren no oppjustert til faregrad tre. Det betyr betydeleg skredfare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med andre ord: Skredfaren som alt har vist seg å vera skummel, med fleire utløyste skred, blir endå større med nedbøren som no kjem.

Nedbør og kraftig vind

Onsdag er det meldt store nedbørsmengder på Sør- og Austlandet. Også Hallingdal får mykje snø, sjølv om mengda her blir mindre enn lenger sør og aust.

– Nedbør og kraftig vind frå austleg retning vil gi fersk fokksnø, som på enkelte stader kan ligge over nedføyka rim. Det er svært lett å løyse ut skred mens vêret står på, varslar varsom.no.

Les også
Mann henta ut av snøskred
Jørgen Aamot er skredekspert.

Jørgen Aamot minner om at faregraden berre er ei overskrift. Det er ikkje nok å registrere om det er faregrad to eller tre når ein skal ut på ski.

– I varselet skildrar fagpersonar forholda med tanke på skred. Derfor må folk lese heile varselet, ikkje berre registrere kva faregraden er, understrekar Jørgen Aamot.

Les heile varselet her.

Han minner også om at det kan vera store variasjonar innafor Hallingdal. Derfor er det viktig at folk set seg godt inn i snøforholda.

Fleire skred

Nyttårsaftan omkom ein 58 år gammal mann i snøskred i Hemsedal. Skiløparen køyrde offpiste i Djeveldalen, eit område nord for toppen Totten, eit relativt populært frikøyringsområde ikkje langt frå skianlegget i Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Her gjekk snøskredet: Alpinist omkom

Nokre dagar før berga ein skiløpar seg frå eit snøskred i området Solheisen. Og måndag vart det meldt om eit lite flakskred utløyst av skiløpar sør vest for Leinenøse i Hemsedal.

På tidspunkta dei tre skreda gjekk var det faregrad to, det vil seie moderat fare for skred.

Sjølv om det ikkje høyrest veldig skummelt ut, kan det godt vere det. Faktisk er det den faregraden kor nest flest menneske døyr i snøskred.

– Like farleg nær heisen

No er faregraden oppjustert til nivå tre, det vil seie betydeleg snøskredfare.

Det blir rapportert om fleire fareteikn som skytande sprekkar og drønn i snødekket. Tysdag melde ein observatør om drønn frå kantkorn ved bakken, og mykje rim på snøoverflata.

Med andre ord: Skal ein ut på ski, ver forsiktig. Skredfaren er betydeleg. Det sikraste er å halde seg unna bratte område.

Jørgen Aamot understrekar at varselet gjeld fjellområda generelt, også områda nært inntil skiheisane.

– Det er lett å utsette seg for bratt terreng når ein tek skiheisen opp. Men det er like farleg å køyre i terreng inntil eit skisenter. Skredvarselet gjeld over alt, understrekar Jørgen Aamot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Inn som eigar i den profilerte restauranten: – Ei merkevare og ein institusjon
Les også
Snø og uvêr i fjellet - denne vegen er stengt
Les også
Aksepterer ikkje reknestykket til regjeringa: – Ein dårleg måte å behandle kommunen på