Det var ein rørt sjukehusdirektør i Vestre Viken HF, Per Bleikelia som onsdag heilt overraskande fekk årets næringspris overrekt frå Pål Rørby under Hallingdalskonferansen på Pers hotell.
Det var ein rørt sjukehusdirektør i Vestre Viken HF, Per Bleikelia som onsdag heilt overraskande fekk årets næringspris overrekt frå Pål Rørby under Hallingdalskonferansen på Pers hotell.

Sjukestugu tok næringsprisen 2016

Hallingdal sjukestugu fekk årets næringspris under Hallingdalskonferansen onsdag. Sjukehusdirektør Per Bleikelia vart rørt til tårer.

Applausen hadde knapt lagt seg etter Per Bleikelias foredrag om leiarskap før han på ny måtte opp på podiet – for å ta imot årets næringspris.

– Dette var ekstremt uventa, sa sjukehusdirektøren i Vestre Viken HF før han måtte tørke nokre tårer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har tatt i mot seks leiarprisar, men å få ein for Hallingdal sjukestugu er fantastisk. Det er rett og slett rørande og veldig inspirerande.

Tjuvstarta på samhandlingsreforma

Temaet til årets Hallingdalskonferanse er «framoverlent og framtidsretta». Det kan ein seie om sjukestugu også. Det starta alt i 1979. Buskerud fylkeskommune skal også ha mykje av æra for at det i dag finst eit stort og kompetent fagmiljø innan helse i Hallingdal.

– Dette skjedde 33 år før samhandlingsreforma kom, seier dagleg leiar i HallingExpo og arrangør Pål Rørby, når han les opp grunngjevinga.

Pål Rørby t.v. delte onsdag ut årets næringspris til Hallingdal sjukestugu, her ved Ingeborg H. Rinnaas og sjukehusdirektør i Vestre Viken HF Per Bleikelia. Årets 87 frammøtte på Hallingdalskonferansen applauderer i bakgrunnen.
Pål Rørby t.v. delte onsdag ut årets næringspris til Hallingdal sjukestugu, her ved Ingeborg H. Rinnaas og sjukehusdirektør i Vestre Viken HF Per Bleikelia. Årets 87 frammøtte på Hallingdalskonferansen applauderer i bakgrunnen.

I år var det særleg tre kandidatar i finalen. Hallingdal sjukestugu vann fordi den er «eit fyrtårn i norsk samanheng» og ei verksemd det knapt finst maken til andre stadar i distriktsnorge, heiter det i grunngjevinga.

Legg til rette for anna næringsliv

Tildelinga kom uventa på fleire. Eit offentleg helsetilbod er ikkje det ein først tenkjer på i næringssamanheng.

– Kva har sjukestugu med næringsliv å gjere, Bleikelia?

– Du kan kanskje si at me byggjer opp under mogelegheitene til å drive næringsliv her. Me skaper sikkerheit.

– Sikkerheitsnæring, altså?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, og me er kjempeglade for å få anerkjenning for det. Dette har ligge til grunn for sjukestugu heile vegen.

135 årsverk

Avdelingsleiar for Hallingdal sjukestugu, Ingeborg H. Rinnaas deltok på konferansen for å lytte til sjefen. Også ho vart overraska.

– Pris var ikkje i mine tankar. Ein tenkjer ikkje først og fremst på sjukestugu som næringsliv. Det er ingen fabrikk eller industri, men me tel kring 135 årsverk. Og som andre i næringslivet har me tatt tak i noko som me er gode på, seier ho.

– Vel fortent

Næringsaktørar var også framme for å gratulere. Direktør i E-CO Energi, Torill Berdal meiner prisen er velfortent.

– Trur du det sit mange forsmådde næringslivseigarar igjen med svarteper no?

– Nei. Dette handlar om lokal tenesteproduksjon. Det dei held på med er veldig viktig, og sjukestugu skaper store ringverknader for anna næringsliv. Prisen er vel fortent, seier ho.

Det er tredje gongen prisen blir delt ut. I tillegg til eit diplom følgjer ein sjekk på 30.000 kroner. Prisen gjekk til Hallingdølen i 2015. I år utgjorde Hilde Marie Berget, Ulrikke Ytteborg og Pål Rørby juryen.

– Kva skal pengane gå til?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det må me nok ha ein runde på. Prisen deler eg med mange, seier Bleikelia.