Sjukeheim og skule råka av smitte: 14 elevar testa positivt i helga

Elevar i seks skuleklassar ved ungdomsskulen i Ål har fått bekrefta koronasmitte.

– Det er eit utbrot som dukka opp i helga. Her har me 14 smittetilfelle fordelt på seks klassar. Det vil seie heile 8. og 9. trinn, seier kommuneoverlege Toril Bøyum.

Det er inga endring i drifta ved skulen av den grunn, men elevane vil bli følgt opp med regelmessig testing i tida framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ventar at det vil kome fleire positive svar, det er nok ulike smittevegar her, seier Bøyum.

– Men det er også venta at det er slik me må leve med smitta framover.

Les også
296 smitta i Hallingdal denne veka: Sjekk status for din kommune

Også sjukeheimen er råka av smitte.

– Ein tilsett har fått bekrefta smitte, men har ikkje nokon definerte nærkontaktar på sjukeheimen, seier Bøyum.

– Me har likevel vald å følgje opp med testing på ei mindre avdeling.

– Er det travle dagar for dykk?

– Det er det. Me har også hatt mange inne på ekstra testing i helga.

Det er 54 personar som er smitta av koronaviruset i Ål akkurat no. 36 av desse kom via hurtigtestar i helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Enorm auke i smitte: – Me er bekymra for den brå stigninga
Les også
Dette må du vite: Slik er dei nye reglane for karantene
Les også
Nye reglar for karantene og skjenkestopp klokka 23: Her er dei nye tiltaka