Ein person er bekrefta smitta i Ål. Dette biletet er frå testing i januar.

Sju i karantene etter bekrefta smitte i Ål

Ein person har fått bekrefta koronasmitte i Ål. Alle nærkontaktar har testa negativt.

Det positive prøvesvaret fekk kommunen tysdag. Hallingdølen vart kjent med tilfellet fredag ettermiddag.

Ifølgje kommuneoverlege Toril Bøyum har smitta skjedd utanbygds. Det er snakk om ein person som er knytt til Ål, men som ikkje er folkeregistrert her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sporingsgruppa kom fram til at vedkommande hadde sju nærkontaktar.

– Dei har testa negativt, fortel kommuneoverlegen.