I storefri er elevrådsleiar Henrik Fluto Bakken den einaste ved Ål ungdomsskule med mobilen i handa. Han fekk fritak for forbodet for å stille opp som fotomodell for lokalavisa.

Sju av ti 11 åringar er på sosiale media - er det ein god idé å heve aldersgrensa til 15 år?

– Det er lett å bli sitjande å skrolle og skrolle. Spørsmålet er vel om foreldre orkar å nekte barna sine tilgang.

Det seier elevrådsleiar Henrik Fluto Bakken ved Ål ungdomsskule. Han har sympati med eit forslag frå regjeringa om å innføre ei aldersgrense på 15 år for bruk av sosiale medium. Statsminister Jonas Gahr Støre meiner tiltaket er nødvendig for å verne barn mot skadeleg innhald.

– Barn skal beskyttast frå skadeleg innhald på sosiale medium. Dette er store teknologigigantar opp mot små barnehjernar. Me veit at dette er ein innsats i motbakke, for her er det sterke krefter, men det er samstundes her politikken trengst, sa statsminister Jonas Gahr Støre til VG sist veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pålogging med bank-ID?

Regjeringa har støtte frå eit fleirtal på Stortinget til å heve aldersgrensa. Neste steg er å finne ei løysing for aldersverifisering. Korleis dette skal gjerast, er ikkje avklart. Ei felles europeisk løysing for innlogging kan vere vegen å gå, og EU sitt regelverk for elektronisk ID (eID) kan bli del av norsk lov.

Medietilsynet meiner det viktigaste er å handheve den eksisterande grensa på 13 år. Denne grensa er sett for å hindre innsamling av persondata frå barn utan samtykke frå foreldra, og fordi innhaldet ofte ikkje er eigna for yngre barn. Likevel er det altfor lett for barn å lyge på alderen, meiner Medietilsynet. Sjølv om aldersgrensa er 13 år i dag, viser ei undersøking frå Medietilsynet at 53 prosent av niåringane, 58 prosent av tiåringane og 72 prosent av elleveåringane er på sosiale medium.

Det vil med andre ord bli ei stor omvelting for norske barn og ungdomar om regjeringa får fleirtal for forslaget og om dei lukkast å utvikle ein måte å verifisere alder for pålogging til sosiale medium.

Tjuvstart på sosiale medium

Kva tenkjer norsk ungdom om forslaget? Er dette ein god idé? Henrik Fluto Bakken er tiandeklassing og elevrådsleiar ved Ål ungdomsskule. Han «tjuvstarta» på aldersgrensa på ein måte som er heilt representativ for sin generasjon, skal me tru Medietilsynet. Han fortel at han fekk sin første smarttelefon som 9-åring og at han starta å bruke sosiale medium i 12-årsalderen.

Korleis blir det for 10–12-åringane dersom aldersgrensa for sosiale media blir heva? – Dei vil sikkert føle seg litt utanfor, men eg trur konsekvensane blir mest positive. Færre kjem til å bruke mobilen sin så mykje som i dag, trur elevrådsleiar Henrik Fluto Bakken ved Ål ungdomsskule.

– Eg brukar TikTok, Snapchat og litt Instagram. Eg har også Facebook, men brukar det ikkje så mykje.

Mobilfri skule

Forslaget som no er aktuelt, dreier seg om aldersgrensa på sosiale medium. Men det siste året har det vore diskusjon også om mobilfri skule. I Hallingdal er ikkje dette noko nytt. Både ved Ål ungdomsskule og dei fleste andre skular har dette vore praktisert i lang tid. På Ål ungdomsskule blir mobiltelefonane samla inn ved starten av skuledagen. Dei blir plasserte i eit nummerert mobilhotell, som står i eit låst skap. Ordninga gjeld for heile skuledagen, inkludert friminutta.

Ål ungdomsskule var tidleg ute med å innføre mobilfri skule. Kvar morgon blir mobilane låst inn i eit mobilhotell. – Eg synest det fungerer veldig bra, seier elevrådsleiar Henrik Fluto Bakken.

– Eg synest det fungerer veldig bra, for då kan me fokusere på undervisninga som skjer i klasserommet, seier Fluto Bakken.

For han handlar det om å skape eit skulemiljø utan distraksjonar. Men sjølv om elevrådsleiaren er positiv til ordninga, innrømmer han at ikkje alle elevane er av same oppfatning. Han meiner det ikkje er rart at somme ønskjer fridom til å bruke mobilen. Han står likevel fast på at fordelane veg tyngre enn ulempene, og at skulen fungerer betre utan mobilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Magnet i lomma

For mange er mobilen ein magnet i lomma, ein døgnopen godtebutikk for underhaldning. Men Henrik Fluto Bakken er ganske sjølvdisiplinert.

– I kvardagen, når det er skule, brukar eg mobilen kanskje ein time eller to, ikkje meir enn det. Eg har ikkje så mykje tid, når eg prioriterer skule og idrett. Men i helgene kan det openbert bli meir, sikkert litt for mykje, seier han.

Elevrådsleiar Henrik Fluto Bakken er ganske sjølvdisiplinert. – I kvardagen, når det er skule, brukar eg mobilen kanskje ein time eller to, ikkje meir enn det, seier han.

– Kva innhald likar du å følgje?

– Eg følgjer faktisk ein god del nyheitskanalar. TV2, Dagbladet og slikt. Og så er det mykje underhaldning – humor, sport, ja, slike ting. Eg brukar sosiale media til å følgje med på folk eg ikkje kan snakke med direkte, som kjendisar og slikt, men også til kommunikasjon med familie og nære vener. Det er eigentleg begge deler, seier Henrik Fluto Bakken.

– Lett å bli sitjande å skrolle

– Er det ein god idé å heve aldersgrensa på sosiale medium til 15 år?

– Det kan vera veldig avhengigheitsskapande. Det er lett å bli sitjande å skrolle og skrolle. Spørsmålet er vel om foreldre orkar å nekte barna sine tilgang, seier han.

Det er han i tvil om, og det er jo også slik dagens aldersgrense på 13 år har blitt uthola av ettergivande foreldre. Men viss derimot Stortinget innfører ei absolutt aldersgrense med aldersverifisering, slepp kanskje foreldra å stå imot maset.

– Korleis trur du det vil påverke kvardagen til 10–12-åringar som no ser at aldersgrensa blir flytta fleire år fram i tid?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei vil sikkert føle seg litt utanfor, men eg trur konsekvensane blir mest positive. Færre kjem til å bruke mobilen sin så mykje som i dag.