Sveinung Hansen er prost i Hallingdal. Dette blir ei annleis påske for han.

– Sjølv om kyrkjene er stengt, er ikkje påska avlyst

Dei siste sundagane har Hallingdølen sendt gudstenester via vår nettside. Det gjer me også i påska, både skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag.

På skjærtorsdag er det sokneprest Vigdis Moen Storhaug som skal forrette, og Håkon Tveito er organist.

Prost Sveinung Hansen skal ha både langfredagsmessa og messa 1. påskedag. Sanan med seg på langfredag har han tekstlesar Guri Ekse, Jo Asgeir Lie på trekkspel, Eilif Gundersen på fløyte, bukkehorn og lur og Gunnlaug Lien Myhr skal vere forsangar. 1. påskedag er deltakarane omtrent dei same, med unntak av Ekse. Då skal Tveito vere med som organist.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange sjåarar

Dei gudstenestene som Hallingdølen har sendt så langt, har hatt et høgt tal sjåarar. Den aller første, som vart sendt 22. mars, har blitt sett over 1400 gonger.

For prost Hansen er det ein ny kvardag å skulle forrette for ei kameralinse i staden for ein meinigheit.

– Det er overraskande kva man blir vant med, ler prosten.

– Men når ein har gudsteneste for ein menigheit, veit ein ikkje på førehand kven ein møter. Slik er det no også, så noko likt er det. Eg har fått høyre kor mange som har sett sendingane, og også at sjåarane er godt spreidd. Det er mange hyttefolk som har sett på. Og eg veit me har hatt sjåarar til dømes i Spania og USA, seier han.

Hansen meiner det at sjølv om det er ein ny kvardag for kyrkja, så er det viktig å nå ut til folk no i påskeveka.

– Det er kjempeviktig. Og kanskje treffer den eviggyldige bodskapen i påska på ein anna måte akkurat i år. No kjenner kanskje folk i større grad på noko av den uroa og usikkerheita som mange opplevde i den første kristne påska, seier han.

Den stille veka

Prosten gjorde seg ein refleksjon då han i helga var ute og gjekk.

– Palmesundagen er jo inngangen til den stille veka. Og medan eg gjekk høyrde eg faktisk fuglesong som overdøyvde lyden frå trafikken på Rv7, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kyrkjene i Hallingdal har fleire planar for påska. På Geilo har dei eit samarbeid med kulturetaten og skal strøyme gudstenester på ein eigen kanal som kommunen bruker. 1. påskedag blir det «drive in-gudsteneste» på Geilo.

I tillegg er det fleire kyrkjer som skal halde «open kyrkje», blant anna i Herad, Gol og Hemsedal. Her vil det vere vakter som passar på at alt går rett for seg, at berre nokre få er inne i kyrkjerommet samtidig og at det blir sprita og desinfisert etter alle reglar.

– Så er det viktig å seie at sjølv om me ikkje kan møtast fysisk akkurat no, så er prestar og diakonar tilgjengelege på telefon, seier prost Hansen.

Les også
Gudsteneste frå Ål kyrkje
Les også
Her kan du sjå dagens gudsteneste frå Ål kyrkje