Asseline Jacobsen har praksis i Visit Gol i samband med bachelor-oppgåva si. Ho har hendene fulle med å organisere Fårefestivalen. Her i lag med dagleg leiar, Sissel Bjørøen (t.v.).

S(j)auar til festival - og skal skrive bachelor om erfaringane

Asseline Jacobsen fekk praksisplass hos Visit Gol midt i oppkøyringa til Fårefestivalen.

Asseline Jacobsen og dagleg leiar i Visit Gol, Sissel Bjørøen, sjekkar vêrmeldinga for helga. Førebels lovar det godt for haustens store arrangement i Gol. Fårefestivalen er rett rundt hjørnet og praktikanten har hendene fulle.

– Det er ein veldig sterk «ja-kultur» her, seier Jacobsen, mellom anna kjend frå studentbedrifta bak Heilt på Vidda-festivalen på Geilo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Asseline Jacobsen var med på å starte studentbedrifta bak Heilt på Vidda-festivalen på Geilo. No har ho mellombels «skifta beite», og arrangerer Fårefestival som ein del av praksisen i studiet sitt.

Jobbar med berekraft

Under pandemien begynte ho på reiselivsfagskulen på Geilo, som i samarbeid med UCN i Danmark tilbyr ein bachelor i «International hospitality management». Ho starta i praksis hjå Visit Gol den første august og vart kasta rett inn i organiseringa av Fårefestivalen.

Les også
Elmer (11) var den yngste bonden på festivalen: – Det er veldig gøy å vere her

– Eg kjenner ikkje så godt til sauenæringa, men har lært utruleg mykje om ull, spinning, handverk og sau. Ikkje heilt det språket eg er van til, men heile konseptet er veldig spennande, seier ho entusiastisk. Det er særleg fokuset på berekraft som har fanga interessa:

– Heilt frå starten av har festivalen hatt klare mål for å fremje landbruket, reiselivet og synergieffektane mellom desse, forklarar Asseline Jacobsen.

Asseline Jacobsen starta i praksis hjå Visit Gol første august og skal vere der til 31. oktober.

Gjenbruk av ull og klede

Årets program er spikra og byr på alt frå sauebingo og matmarknad til omvising på Nortura og Norilia. Nye aktivitetar har også kome til. Festivalen får mellom anna besøk av klesdesignar og forfattar Mari Meliot, som skal halde foredrag og kurs i korleis ein kan reparere klede i staden for å kaste dei.

Les også
Her regna det gåver frå himmelen - sjå bileta frå folkefesten!

– Gjenbruk er i tida, og noko me kan bidra med å setje fokus på her. I tillegg er kortreist mat eit stort satsingsområde for reiselivet, forklarar Asseline Jacobsen.

Tradisjonen tru står ull og sau i fokus. Den nyoppstarta bedrifta Woolero, som brukar restull av låg verdi til å lage alt frå biogjødsel til blomsterpotter, kjem også på besøk.

– Eit konsept eg aldri hadde høyrd om før, seier Jacobsen.

Ull og sau står som vanleg i fokus under Fårefestivalen i Gol. Mykje skal vere klart før det «brekar laus» i helga.

Skriv oppgåve om Gol

Ho meiner det er sydd saman eit godt program. Jacobsen har blitt tatt godt imot som praktikant på turistkontoret, og det kan kome bygda til gode i retur. Ho bur sjølv i Gol og valde praksisplass her for å bidra med noko til bygda. Erfaringane frå tida i Visit Gol og med Fårefestivalen skal bli til ei bachelor-oppgåve.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal finne ei god problemstilling saman, så lagar eg ei oppgåve som eg håpar dei dreg nytte av lokalt. Det er mykje spennande å sjå på i Gol, særleg når det gjeld arrangement og organiseringa av desse, seier ho.

Sjefen sjølv, Sissel Bjørøen er optimistisk før det brakar laus i helga:

– Me forventar mykje folk, at alle kosar seg og får ei skikkeleg flott familiehelg, seier ho.