Det var jubel på Torpo skule då dørene vart opna att på grunnskula og videregåande tidlegare i mai.

Siste: Barnehagar og skular kan opne for fullt, og det blir lov å besøke dei eldre att

Regjeringa kom med fleire gladmeldingar onsdag ettermiddag: Med liten smittespreiing i samfunnet slepper regjeringa no opp på fleire reglar.

Først og fremst gjeld dette skular og barnehagar, som no får det meir romsleg.

Heile klassar saman

Frå og med tysdag 2. juni vil det vere mogleg å samle alle elevane i ein klasse, eller ei heil avdeling i barnehagen att. Det betyr færre såkalla kohortar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det betyr at ein heil skuleklasse kan vere samla i klasserommet, uansett kor stort klasserommet er. Og fleire kan få eit fulltidstilbod, sa kunnskapsminister Guri Melby på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.

Les også
Ei russetid med blanda kjensler

Sjølv om fleire barn og unge no kan samlast i same rom, skal det framleis vere slik at ein unngår fysisk kontakt med kvarandre. Det same gjeld for dei tilsette, og i barnehagar skal det framleis vere skille mellom kohortane - som no altså kan vere heile avdelingar.

For skulen vil det vere noko forskjell frå grunnskulen og vidaregåande. For vidaregåande skule blir det oppmoda til å halde ein meters avstand utanfor klasserommet.

Les også
No blir Trytetjern brukt som barnehage

Det vil kome ein fullstendig rettleiar for korleis dette kan gjennomførast på fredag.

Lov å besøke eldre att

Besøksforbodet på helse- og omsorgsinstiusjonar blir også oppheva. Det bekrefta helseminister Bent Høie onsdag. No skal institusjonane legge til rette for normal besøksakvititet så godt dei greier.

– Dette er no trygt. Smitta er låg, sa ministeren.

Les også
Sjuk før smitten kom til Norge?