Ei klassisk scene frå filmen Love Actually frå 2003, der Mark (Andrew Lincoln) seier kva han føler for Juliet (Keira Knightley) ved å bruke plakatar.

Send ei påskehelsing til nokon du er glad i gjennom Hallingdølen!

Har du familie, vener eller andre du ikkje får sett i påska, men som du likevel gjerne skulle sendt ei helsing til? Gjer det gjennom avisa!

Påska er ei tid for å vere saman med familie og vener, og ha god tid til kvarandre. Men slik blir det ikkje i år. Me er oppmoda til å unngå unødvendig omgang med andre. Me har gommo, gofa og andre slektningar me ikkje får besøkt, og som me kanskje ikkje har besøkt på lenge.

Me har vener me saknar å vere saman med. Ungdom og studentar er oppmoda til ikkje å reise heim i påska, men bli der dei er. Hyttenaboar som er vane med å tilbringe påska saman, får ikkje gjort det i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me lever alle eit ganske isolert liv akkurat no. Me strevar på, kvar for oss, utan mykje sosial omgang. Då kjennest det rart å gå inn i ei av dei mest sosiale vekene i året, påskehøgtida.

Men kanskje vil du sende ei helsing til dei du ikkje får sett i påska? Me i Hallingdølen oppmodar deg, liten som stor, til å sende di helsing inn til oss. Me vidarebringar helsinga ved å sette den på trykk enten i papiravisa eller på nett!

Kva må du gjere? Gjer som den klassiske scena frå Love Actually (biletet i toppen av saka)! Skriv bodskapen din på eit ark eller ein plakat (gjerne med ei teikning, om du vil), be nokon om å ta eit bilete av deg der du held opp plakaten, og send det inn til oss.

Du kan enten sende det til oss på Facebook-sida vår, eller via e-post til redaksjonen@hallingdolen.no.

Eit fint høve til å glede nokon i påska!

Les også
Hyttefolk gløymer ikkje lokalbutikken i krisa
Les også
Har innført felles koronaberedskap
Les også
Spleiselag for kolonialen
Les også
Det blir berre verre og verre …