Seks smitta på eitt døgn: – Fare for at det spreier seg

Mange personar i Hol har i helga blitt kalla inn til koronatesting etter at kommunen fekk seks positive prøvesvar.

Dei seks smittetilfella har alle kome i løpet av eitt døgn.

– Det er fire uavhengige situasjonar, der nokon er tilreisande og andre lokale. Enkelte av situasjonane er uavklart og utan klar smitteveg, men nærkontaktar er testa i dag og det blir testa fleire i morgon, fortel kommuneoverlege Silje Koldal til Hallingdølen laurdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Åtte nye smittetilfelle - fleire vaksinerte har blitt smitta

Ho fortel vidare at ein barnehage er blant dei som blir testa.

– Det gjer me for å unngå villsmitte, seier ho.

Ventar fleire positive

Ein god del nærkontaktar vart testa laurdag, rundt 25 personar vil bli testa sundag. Ifølgje Koldal jobbar smittesporarane no intenst med å få oversikt over dei ulike situasjonane.

– Med seks tilfelle på kort tid og fleire ukjente smittekjelder - korleis vurderer du situasjonen?

– Situasjonen me har i Hol no er som eit bilete av det som skjer på landsbasis, med mykje smitte i særleg yngre aldersgrupper og blant ikkje-vaksinerte, seier Koldal.

Les også
Fullvaksinert fekk bekrefta smitte: – Ingen kjent smitteveg

Ho seier sporingsarbeidet er svært krevjande, no som samfunnet har opna opp att og folk møtest i mange ulike samanhengar.

– Me må nok dessverre berre vente oss meir smitte framover. Me ventar også at me vil bruke lengre tid på å få kontroll og avgrense smitte i denne fasen av pandemien enn kva me gjorde for eit halvt år sidan. Fordi me risikerer raskare spreiing på grunn av deltavarianten av viruset, og at samfunnet er meir opent, seier Koldal.

Det er framleis slik at testing og smittesporing er det kommunane skal gjere når det dukkar opp smitte i lokalsamfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me brukar alle tilgjengelege ressursar på å hindre spreiing og få raskt kontroll. Eg har god tru på at me skal få situasjonane i Hol under kontroll raskt, men det er fare for at det spreier seg lokalt og til andre kommunar, fortel kommuneoverlegen.

Utfordringar og oppfordringar

Dei siste vekene har Ål hatt eit smitteutbrot med over 30 smitta. Mange av desse har vore skuleelevar. Også i Hol ser dei utfordringar med denne aldersgruppa.

– Særleg vidaregåande skule er ei utfordring med tanke på smittesporing. Gjennom helga har dette skapt situasjonar relatert til dei fleste andre kommunane i Hallingdal via nærkontaktar. Det gir store ringverknader, seier Koldal.

Ho kjem i tillegg med to oppfordringar: Først og fremst ber ho dei som ikkje er vaksinert om å vaksinere seg. Deretter håpar ho folk kje til kommunen for å teste seg dersom dei treng det, i staden for å bruke heimetestar.

– Om folk likevel brukar det, er det heilt avgjerande at dei tek kontakt med smittesporarane om testen er positiv.

Les også
Svært mange ungdommar møtte opp til vaksinering: – Me er veldig nøgd
Les også
Meir smitte på vidaregåande: To elevar testa positivt