Landbruks- og matminister Olaug Bollestad seier tilsynet med saltsteingrindene skal skje fortløpande gjennom resten av beitesesongen.
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad seier tilsynet med saltsteingrindene skal skje fortløpande gjennom resten av beitesesongen.

Sauetragediar i fjellet: Kallar Bollestasd svara "jabb, jabb"

I starten av august kravde ordførarane Solveig Vestenfor og Petter Rukke at landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) set i verk tiltak for å løyse problema med saltsteingrindene i Nordfjella.

Nesten ein månad seinare har dei fått svar.

– Dette er uheldig, og Mattilsynet har sett i verk tiltak for å unngå liknande hendingar, skriv Bollestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lam sat fast

Bakgrunnen for brevet frå dei to Ap-ordførarane var bilete frå to salteplassar i starten av august.

Bileta viste korleis sau hadde kome seg inn i saltsteingrindene utan moglegheit til å kome ut. Og endå verre: To lam hadde surra eine bakfoten fast i barduneringa utan å kunne kome laus. Bileta skapte reaksjonar.

Derfor sende ordførarane eit brev til landbruks- og matminister Bollestad med eit tydeleg krav: Bollestad må rydde opp og sette i verk tiltak omgåande.

– Ministeren er ansvarleg for dette. Som ordførarar må me ta tak i dette på vegner av næringa og dyra i kommunane vår. Me må gjere ministeren merksam på dei dramatiske konsekvensane saltsteinforbodet har ført til i sommar, sa Vestenfor og Rukke.

Økonomisk kompensasjon

I dei seks kommunane kring Nordfjella har 300 bønder beitedyr som leveveg.

Totalt har det vore opp mot 62.000 dyr i fjellet i sommar, eit område som blir rekna som eitt av dei beste beiteområda i landet. Bollestad viser i brevet til at Mattilsynet gjennom sommaren har ført tilsyn med grindene og utbetra og halde dei ved like. Beredskapen blir også styrka resten av sesongen, og ministeren meiner det bør vere gode moglegheiter for at likande episodar som dei tidlegare i sommar ikkje skal skje resten av beitesesongen.

– Tilsyn skjer fortløpande, og Mattilsynet vil halde fram tilsynet resten av beitesesongen, skriv Bollestad.

Ministeren skriv også at det er viktig at beitenæringa ikkje blir påført utgifter ved «dyrevelferdsmessige utfordringar» på grunn av grindene. Der Mattilsynet har behov for lokal assistanse, vil det bli gjeve tilbod om økonomisk kompensasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil bli gjeve kompensasjon i den grad dyr døyr eller må avlivast på grunn av skader dei er påført som ein konsekvens av tiltaka som er innført.

Ber om møte

Petter Rukke er ikkje veldig fornøgd med svara frå Bollestad.

Hovudessensen i svaret om at blir jobba med å rydde opp og føre betre kontrollar, kallar Rukke «jabb, jabb».

– Me bad i brevet til Bollestad om eit møte saman med beitenæringa seinare i haust. Det svarar ho ikkje på, seier Rukke.

Derfor vil det bli teke nytt initiativ til møte utover hausten.

– Me ville ha eit møte for å ha ein tettare og betre dialog med kommunane, næringa og ministeren. Det er skuffande at ho ikkje svarar på det.

LES OGSÅ: Lundteigen (SP) har også engasjert seg