Vemund Gudbrandsgard.
Vemund Gudbrandsgard.

Satsar vidare med Wopas

Vemund Gudbrandsgard er tilsett som dagleg leiar i Hallingplasts dotterselskap Wopas AS.

Selskapet vart starta i 2016.

Det frittståande dotterselskapet som er 100 prosent eigd av Hallingplast sette då i gang produksjon av stolpar til kraftlinjer, bryggepålar telefonstolpar. Det spesielle med stolpane er at det er trevirke innkapsla i resirkulerbar polyetylen-plast. I desember 2017 var måla klare: Volumet skulle aukast i 2018 som skulle bli første heile året med produksjon av dei nye stolpane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er på glid og me nærmar oss ein driftsfase. Men det er som alt anna nytt. Ting tek tid. Det må me akseptere, seier Steinar Tragethon.

Nysatsinga er kapitalkrevjande, men Hallingplast har tru på Wopas. Dette er langsiktig industriutvikling.

– Det er selt ein god del stolpar i Norge og Sverige. Me har mellom anna levert stolpar til landbruk som erstatning som stålsøyler i fjøs. Her har me eit samarbeid med Fjøssystemer som er ein stor leverandør, seier Gudbrandsgard.

Det er slike stoplar den nye Hallingplast-bedrifta Wopas prøver å få inn på marknaden.
Det er slike stoplar den nye Hallingplast-bedrifta Wopas prøver å få inn på marknaden.

Marin sektor og jernbanesektoren er to andre satsingsområde. Til våren startar også eit samarbeid med Hallingdal Kraftnett.

– Dei skal bygge ei linje frå Kleivi mot Ål med våre stolpar. Då får me ei komplett linje nær fabrikken. Hallingdal Kraftnett har vore positive og bidreg til produktutvikling. Det er viktig med lokal draghjelp, seier Gudbrandsgard.