To tamrein frå Filefjell reinlag påkøyrd av eit vogntog på Rv52 på Hemsedalsfjellet måndag. – Saltingsforbod i fjellet har skulda, seier Runar O. Sletten Bjøberg.
To tamrein frå Filefjell reinlag påkøyrd av eit vogntog på Rv52 på Hemsedalsfjellet måndag. – Saltingsforbod i fjellet har skulda, seier Runar O. Sletten Bjøberg.

– Saltforbod i fjellet førte til dyretragedie på Rv52

På grunn av smittefaren frå skrantesjuke er det forbode å gi tamrein salt. Dermed trekkjer tamreinen til riksvegen og blir påkøyrd.

I alle fall er dette forklaringa Runar O. Sletten Bjøberg gir til at ei simle med ein kalv vart funne døde på Rv52 på Hemsedalsfjellet tidleg måndag morgon.

– Når me ikkje får salte i fjellet trekkjer reinsdyra mot vegen. Den fungerer som ein einaste stor saltstein, fortel Bjøberg, som også sit i styret til Filefjell Reinlag ANS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er fortvila. Ein flokk på 30–40 dyr er observert i området, men det er ikkje funne andre skadde dyr.

Reinsdyr kan lukte salt på kilometers avstand. Etter at vegstyresmaktene starta å salte riksvegen over Hemsedalsfjellet på seinhausten og seinvinteren, har vegstripa fungert som ein magnet på reinsdyra.

Eit mottiltak vart å plassere ut saltsteinar på strategiske plassar nordaust for vegen. Det fungerte heilt fram til problematikken med skrantesjuke på villrein dukka opp. Eit tiltak for å hindre spreiing av sjukdommen er at ein ikkje skal legge ut saltsteinar der både sau og rein kan gå om kvarandre.

Ingen sjåfør har meld seg. Politiet fekk melding av forbipasserande som såg døde reinsdyr i 06-tida måndag morgon.
Ingen sjåfør har meld seg. Politiet fekk melding av forbipasserande som såg døde reinsdyr i 06-tida måndag morgon.

I mangel på saltstein er det på ny riksvegen som lokkar.

Bremsespor på staden der reinsdyra er treft kan tyde på at det er eit vogntog som har prøvd å manøvrere unna. Men to dyr har blitt treft og drege med 50–60 meter.

– Ingen sjåfør har meld seg?

– Nei. Dei fleste sjåførane over her er utanlandske. Dette blir reint tap for reinlaget, seier Bjøberg.

Han fortel at dei har søkt Mattilsynet om løyve til å gå i gang igjen med salting på strategiske plassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil leggje til rette for å hindre fleire tragediar. Forslaget vart positivt tatt imot av Mattilsynet. Me håpar på positivt svar, seier han.