annonse

Såg kasser med våpen - sette i gang stor politiaksjon

Store styrker
Store styrker: Også politihelikopteret deltok i aksjonen i Hol. (Foto: Arkiv)

Turistar hadde oppdaga fleire kasser med våpen i Hol. Då sette politiet i gang ein større aksjon.

Tone Merete Tho

Det var klokka 18.44 laurdag kveld at politiet fekk melding om at nokre nederlandske turistar hadde kome over fleire kasser med våpen i Hol.

Store politistyrker rykte ut, med bilar og helikopter.

Politiet i Sør-Aust ville ikkje kommentere saka til Hallingdølen natt til sundag. Men litt over klokka åtte sundag morgon opplyser politiet at det er tale om såkalla replikavåpen, altså kopiar og ikkje ekte våpen.

Aksjonen er dermed over  og eigaren vil få attende våpenetterlikningane.

annonse