Grunnen sig unna. Derfor må Rv7 sør for Gulsvik sentrum stengast og utbetrast.

Rv7 blir heilt stengt i fleire dagar, veit ikkje når vegen blir opna att

Frå og med onsdag ettermiddag blir Rv7 stengt sør for Gulsvik i Flå. Det er førebels usikkert når vegen vil bli opna att.

Vegen vil bli stengt frå klokka 15.00 onsdag.

I ei pressemelding skriv Statens vegvesen at årsaka er akutte skader på vegen rett sør for Gulsvik, nærare bestemt ved Tromald. Deler av vegbanen er blitt undergrave, og må reparerast omgåande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Biletet syner korleis grunnen sviktar under Rv7 ved Tromald i Gulsvik.

To teoriar

– Me har to teoriar om kva som har skjedd. Anten har det skjedd undergraving over tid, eller så har geotekniske undersøkingar i området ført til skader, opplyser Knut Erik Skogen i Statens vegvesen til Hallingdølen.

Dei geotekniske undersøkingane heng saman med kartlegging av vegstandarden i samband med vidare vegplanlegging nord for Ørgenvika.

Vegskadene er akutte. Derfor blir Rv7 stengt fleire dagar. Jernbanen går rett opp for Rv7. På nedsida ligg Krøderen.

Ut i neste veke

For at vegskadene skal bli utbetra så raskt som mogleg, og for å unngå ytterlegare utgliding, må vegen stengast heilt. Stenginga vil gjelde heilt til det er rekna som forsvarleg å opne opp att for ordinær trafikk.

Vegvesenet kan førebels ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta, me dei reknar med å kunne opne vegen att over helga, og i god tid før skjærtorsdag.

– Arbeidet vil halde på samanhengande til jobben er gjort, opplyser Knut Erik Skogen.

Valdres eller Numedal

Med ein stengt Rv7, må folk belage seg på omkøyring. Det skjer via E16 Valdres, og Fv50 Numedal. Det er også mogleg for lokaltrafikk å nytte Fv287 Sigdal-Eggedal-Bromma.

– Til alt hell blir det mindre påsketrafikk i år på grunn av koronasituasjonen. I eit vanleg år ville vegstenging på denne tida ført til store utfordringar, seier Knut Erik Skogen.

Vegmassen sklir ut frå Rv7 og ut i Krøderen.