Rektor ved Gol VGS, Grete Golberg, har hatt hektiske dagar.

Rundt 50 elevar på vidaregåande sit no i karantene

To heile skuleklassar ved Ål og Gol vidaregåande skular må halde seg heime. Det same gjeld fleire enkeltelevar.

Ein skuleklasse ved kvar av dei to skulane vart tysdag kveld sett i karantene. I begge tilfella er det snakk om elevar som har vore i nærkontakt med ein person med påvist smitte.

Det er no rundt 50 elevar som sit heime. På Gol er det over 30 i karantene, på Ål er det 17.

Artikkelen held fram under annonsen.

På byggeplass

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen, beordra karantene for klassen ved Ål vgs tysdag.

— Denne klassen har den siste tida vore på ein byggeplass, og ikkje i nærleiken av dei andre elevane. Dei har vore eit stykke unna skulen, seier Strømmen. Derfor har dei vurdert det som tilstrekkeleg å sette berre denne eine klassen i karantene.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Les også
Familiemedlemer er ikkje omfatta av karantenen

Rektor ved Ål vgs, Arnstein Sørbøen, har vore førebudd på at ein slik situasjon kunne oppstå.

— Elevane vil no få undervisning via læringsplattforma som me bruker, så dei blir ikkje heilt tatt ut frå undervisning. Dei må følge pensum og gjere innleveringar, seier Sørbøen.

Etter at dei 17 elevane vart plassert i karantene tysdag, har det ikke kome fleire tilfelle onsdag.

— Men me får mange spørsmål frå foreldre og elevar som treng informasjon, seier han.

Unntakstilstand

På Gol tok kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam avgjerda om karantene på skuleklassen ved Gol vgs tysdag kveld. I alt er over 30 elevar heime frå skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rektor Grete Golberg fortel at dei har eit opplegg for dei elevane som no må halde seg heime. Frå før er dei vant med at elevar må ha eit opplegg frå skulen dersom dei er vekk, for ikkje å få ugyldig fråvær.

– Elevane skal ikkje bli arbeidsledige sjølv om dei er heime, seier Golberg.

Les også
Ikkje koronasmitte ved helsetunet i Ål

Gol vgs har gjennomført fleire tiltak den siste tida for å førebygge koronasmitte så godt som råd.

– Biletet forandrar seg heile tida. Det handlar om å ikkje miste hovudet, og følge dei råd og pålegg som kjem frå helsemyndigheitene. Eg held meg til det kommuneoverlegen seier, og det som kjem frå sentralt hald i Viken. Det er veldig enkle og gode råd, seier Golberg.

Les også
Ein person i Hemsedal har fått påvist koronasmitte
Les også
Skuleklasse ved Gol vgs. må i koronakarantene
Les også
Skuleklasse ved Ål vgs er sett i karantene
Les også
Slarverennet er avlyst: — Det er veldig trist