annonse

Rotvelte hindra togtrafikken

Mista straumen
Mista straumen: Den kraftige vinden sundag ettermiddag har skapt trøbbel for togtrafikken. Ved Nesbyen stasjon bles eit tre over ende og gjorde skade på køyreleidningen. (Foto: Privat)

Kraftig vind skapte trøbbel på Bergensbanen. Klokka 19.25 var feilen retta.

Tor Folgerø

Bergensbanen vart sundag ettermiddag stengd mellom Gol og Flå på grunn av straumproblem. Feilen skuldast at eit eller fleire tre hadde blåse over ende og råka køyreleidningen.

Like ved Nesbyen stasjon var det eit trefall som førte til omfattande skader. 

Vy opplyser at sjølv om banen er opna att for togtrafikk, må reisande rekne med forseinkingar og innstillingar inntil selskapet er i normal drift igjen.

annonse