Pål Rørby var ein lykkeleg mann då resultata kom ved midnatt måndag. Også Andreas Smith-Erichsen, i bakgrunnen, kunne konstatere eit særs godt val for Høgres del.
Pål Rørby var ein lykkeleg mann då resultata kom ved midnatt måndag. Også Andreas Smith-Erichsen, i bakgrunnen, kunne konstatere eit særs godt val for Høgres del.

Rørby (Sp) i Hemsedal: – Me har gått høgt ut og sagt at me skal ha ordføraren

Pål Rørby (Sp) er trygg på å bli ordførar etter eit brakval i Hemsedal. Men Andreas Smith-Erichsen (H) varslar hard kamp om klubba.

– Dette er heilt fantastisk, seier ein nærmast skjelven Rørby til Hallingdølen.Resultata i Hemsedal tikka inn rett etter midnatt, til jubel i Sp-leiren: Partiet er klart størst i bygda, med 34,1 prosent. Det er 9,4 prosentpoeng opp frå forrige val, og gir seks mandat i kommunestyret – to fleire enn dei har i dag.

– Om dette held seg no, så må eg seie me er valvinnar så det ljomar etter, seier Rørby. Det endelege valresultatet blir klart tysdag kveld: Det står enno att rundt 60 førehandsstemmer som skal teljast opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjenner seg trygg

Høgre gjorde også eit sterkt val i Hemsedal. Dei enda på 25,2 prosent, ein framgang på heile 6,9 prosent frå forrige val.

– Det er eit fantastisk oppsving. Me hadde håpa å få fire mandat i kommunestyret, no ligg me an til fem, seier ordførarkandidat Andreas Smith-Erichsen.

Pål Rørby registrerer Høgres gode valresultat, men er nøgd med at Senterpartiet er større.

Pål Rørby (Sp) og Andreas Smith-Erichsen (H) hadde ein nervepirrande kveld måndag.
Pål Rørby (Sp) og Andreas Smith-Erichsen (H) hadde ein nervepirrande kveld måndag.
Norunn Rivedal (f.v.), Pål Rørby, Anders Snildal og Nils Erik Finset hadde ein god kveld på valvake måndag.
Norunn Rivedal (f.v.), Pål Rørby, Anders Snildal og Nils Erik Finset hadde ein god kveld på valvake måndag.
Valresultatet frå Hemsedal.
Valresultatet frå Hemsedal.

– Kva tenkjer du om ordførarvervet no?

– Me har gått høgt ut og sagt at me skal ha ordføraren. Og med dette resultatet så skal det litt til å finne ein ordførar frå eit anna parti enn Sp, når me er såpass store, seier Rørby.

– Føler du deg trygg på å bli ordførar?

– Ja, det gjer eg.

– Det kan gå

Smith-Erichsen er ikkje heilt samd i det. Han seier Høgre langt på veg er optimistar no, etter såpass god oppslutning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir ei spennande konstituering. Me registrerer, og gratulerer, Senterpartiet med eit godt val. Men dette er på ingen måte køyrt. Dette kan faktisk gå, seier han.

– Du har ikkje gitt opp kampen om ordførarvervet?

– Nei, nei, nei, nei. Andre runde begynner no. No må me sjå på kven som skal samarbeide med kven, seier han.

Både Rørby og Smith-Erichsen varslar at dei vil gå rett i samtaler med dei andre partia i Hemsedal. Dermed er det duka for ein god, gamaldags hestehandel.

– Me må sjå om det går an å bygge ei blokk som er sterk nok til å ta sentrale posisjonar, seier Smith-Erichsen.

Nedtur for Ap og Bygdelista

Arbeiderpartiet med Helene Sagabråten i spissen vart tredje største parti, med 13,3 prosent av stemmene. Det er ein tilbakegang på 2,4 prosent frå sist val, og dei mistar også eit mandat i kommunestyret. Bygdelista gjorde eit dårleg val, og gjekk tilbake heile 9,9 prosent. Frå tre mandat denne perioden, er dei no nede i berre eitt. Også KrF, SV og Venstre ser ut til å få eit mandat kvar i kommunestyret, men det er altså før dei siste knappe 60 førehandsstemmene er talde opp.